28. mai 2005

SuperBitsMeetup 1. juni om Adaptive Design

På ekstremt kort varsel har vi fått Timo Arnell til å stille opp på Christian Kvart førstkomande onsdag for å snakke om Adaptive Design. Timo underviser m.a. ved master-studiet i interaksjonsdesign ved AHO og utfrå bloggen hans ser han ut til å være ein særdeles spennande mann. Eg falt iallefall pladask for både innhald, navigasjon og informasjonsdesign på elasticspace.com!

Så vidt eg har forstått handlar Adaptive Design (AD) m.a. om ein grunnleggande annleis tilnærming til design enn den "tradisjonelle" brukarfokuserte design-prosessen, der ein i langt større grad tek høgde for at produktet lever "sitt eige liv" etter lansering. Boka "How Buildings Learn" av Stewart Brand er ein standard-referanse som omhandlar det som skjer med fysiske bygg etter at dei er bygd.

Eg har enno ikkje heilt "fått haudet mitt rundt" kva AD faktisk er, men det har å gjere med mykje raskare og meir iterative designprosessar med høg grad av innovasjon, tilrettelagt for kontinuerlige justeringar. Typiske døme er flickr og del.icio.us. Andre stikkord er m.a. soft-lansering av produkt og "sjølv-sentrert design", dvs. at designaren i langt større grad identifiserer seg med brukarane. Enten ved å "være si eiga målgruppe" slik m.a. 37signals har gjort med Basecamp og Backpack eller gjennom teknikkar a la Method Acting.

Med framveksten av m.a. sosial programvare både på nettet og på mobile terminalar, med muligheiter for auka brukar-kontroll gjennom bruk av folksonomiar i kombinasjon med nye muligheiter og utfordingar med Web2.0 burde Adaptive Design uansett være høgaktuelt tema for alle i fagmiljøet.

Stor takk til Fredrik Matheson som har overtalt Timo til å bli med, og som sjølv stiller opp for å snakke om master-prosjektet sitt som er basert på tankegangen bak AD. Eg gler meg iallefall til onsdag, og håper å sjå flest mulig andre frå fagmiljøet også!

Meir bakgrunnsstoff:

Her er innkallinga i sin heilheit for dei som ikkje allereide har fått den anna vis:

Lovlig sein invitasjon denne gangen, men desto mer interessant
faglig del:

* Introduction to Adaptive Design (Timo Arnall)
Adaptive Design er en evolusjonær designmetodikk der man lager
røffe prototyper og lanserer dem for et utvalgt eller åpent
publikum, og bruker deres erfaringer til å forbedre systemet,
konseptet og designet. Timo Arnall [1] underviser bl.a. i
interaksjonsdesign på Arkitekthøyskolen og er en av nestorene
på området.

* Adaptive Design i praksis: Geoloq.us (Fredrik Matheson)
Geoloq.us er en mobil-basert bokmerketjeneste for fysisk rom,
utviklet ved hjelp av Adaptive Design. Prosjektet presenteres
av Fredrik Matheson [2] er avgangsstudent fra masterstudiet i
interaksjonsdesign ved AHO.

[1] http://elasticspace.com/about/
[2] http://geoloq.us/blog/

Sted: Christian Kvart
Tid: Onsdag 1. juni fra 17.30
Påmelding: http://ia.meetup.com/7/events/4689067/

* Tidsplan
17.30: Møt opp for lunsj middag med kolleger som kommer rett fra jobb
18.30: Adaptive Design og Geoloq.us
19.30: Øl og diskusjon om Adaptive Design m.m.

Vi har rabatt på mat, øl, vin og garderobe. Bare si at du
kommer fra SuperBitsMeetup.

Arrangementet er et samarbeid mellom BITS, Superlim og IA-
meetup (og vi jobber med å få med Grafill/GRIM og evt. andre
organisasjoner også!).

Håper flest mulig kan stille selv om det er kort varsel!

28.05.2005, 12:22 in Design, Interaksjonsdesign, Superlim, Tverrfagleg | Fastlenke

Kommentarar






Tilbaketråkk

Tilbaketråkk-URL for dette innlegget:
https://www.typepad.com/services/trackback/6a00d83455881869e200d8354704d569e2

Bloggar som refererer til SuperBitsMeetup 1. juni om Adaptive Design: