27. september 2004

Tilgjengeleg torsdag

Førstkomande torsdag er det tilgjengelegheit som står i fokus for Last Thursday. Temaet opptar meg i såpass stor grad at eg har store planer om å ofre torsdagsbasketen, og eg oppmodar andre til å gjere tilsvarande prioriteringar.

Temaet er altså tilgjengelegheit for funksjonshemma. Eller er det eigentleg det? Håkon Styri poengterer i sin forhåndskommentar av evenementet at tilgjengelegheit kan - og bør - bety langt meir enn tilpasning av nettsider for funksjonshemma.

Det viktigste aspektet ved tilgjengelegheit består i å følge gjeldande webstandardar i kode og innhald, og tilgjengelegheit for både funksjonshemma og andre bør følge som ein naturleg konsekvens. Jim Byrne sin tilnærming til ein definisjon av det engelske "accessibility" skiller mellom tilgjengelegheit for maskiner og tilgjengelegheit for mennesker:

Utan tilgjengelegheit for maskiner (standarbasert kode og innhald) kan ein heller ikkje være tilgjengeleg for menneske. Dette er altså det viktigaste aspektet ved tilgjengelegheit, ifølge Byrne.

I det heile teke er det tydeleg at webstandardar og tilgjengelegheit henger tett saman, på samme måte som svært mange andre aspekt ved brukaropplevinga heng nøye saman. Det er m.a. difor eg ser i spenning fram til den nye boka til Peter Morville, som har ei interessant tilnærming til alle relevante aspekta.

Foredragshaldarar på torsdag er uansett Haakon Aspelund frå Deltasenteret og Steinar Skagemo frå Norge.no. Steinar er ansvarleg for dei nye offentlege kvalitetskriteriene, som i årets utgave legg seg tett opp til retningslinjene frå WAI og særleg 1.0-versjonen av desse.

"Offentlig informasjon og tjenester på Internett - Er Norge på rett WAI?" har Steinar kalt innlegget sitt. Tittelen røper den lunt humoristiske, digresjonsorienterte men kunnskapsrike stilen hans, kjent for alle som måtte følge med på bloggen hans - Steinar strør. (Denne er forøvrig vel verdt ein plass i blogglesaren din også).

Snakkes på torsdag?

27.09.2004, 23:28 in Tilgjengelegheit | Fastlenke

Kommentarar

Om kommentarer kunne rødme ...

[Takk for omtalen -- jeg skal ihvertfall gjøre mitt beste. Men her tror jeg det først og fremst vil bugne av kompetanse i salen. Så sånn sett kan jeg trygt anbefale torsdagens arrangement!]

Posted by: Steinar Skagemo at 28. sep.. 2004 12.22.30

Tilbaketråkk

Tilbaketråkk-URL for dette innlegget:
https://www.typepad.com/services/trackback/6a00d83455881869e200d83457568d69e2

Bloggar som refererer til Tilgjengeleg torsdag:

» Neste Last Thursday: Tilgjengelighet from jarle på norsk
Neste Last Thursday kan bli en interessant affære. Noe sier meg at diskusjon rundt tilgjengelighet og hva det betyr står... [Les meir]

Registrert 29. sep.. 2004 02.45.06