20. april 2004

Noko å strekke seg etter

Her er ei brukaroppleving der form, funksjon og innhald går hand i hand:

Serco TransArctic Expedition - Solo across the North Pole: One man. 1,240 miles. Alone in the Arctic.

Denne nettstaden har ALT:

  • Eit klart definert, tydelig og spennande konsept (One man. 1,240 miles. Alone in the Arctic.)
  • Dagleg oppdatert, høgkvalitets innhald med tekst og bilder frå turen i blogg-format. Jamt over er det godt skrivne og interessante tekstar, kombinert med bilder og multimedia der det er på sin plass.
  • Strålande navigasjonsdesign: Tydeleg, intuitiv og konsistent globalmeny og tekstlenker. Eg likar ekstra godt den subtile 3D-effekten som markerer aktiv meny-kategori.
  • Informasjonsdesignet og fordelinga av innhaldsblokkar med visuell prioritering på underliggande sider er eksemplarisk.
  • Og i tillegg er alt saman 100% standardkompatibelt (validerer XHTML 1.0 strict og CSS) og ergo også tilgjengeleg for alle.

For ein gongs skuld ser eg faktisk poenget fullt ut med å ha ei splasjside - denne varianten setter faktisk stemninga på ein perfekt måte gjennom ein fantastisk kombinasjon av form og innhald. Merk: splasjsida kan slåast av!

Hatten av - dette er ei brukaroppleving frå øvste hylle!

(via Anders Fagerjord/surftrail)

20.04.2004, 17:56 in Design, Navigasjon, Tverrfagleg | Fastlenke

Kommentarar






Tilbaketråkk

Tilbaketråkk-URL for dette innlegget:
https://www.typepad.com/services/trackback/6a00d83455881869e200d835399ee269e2

Bloggar som refererer til Noko å strekke seg etter: