28. mars 2004

Nettsider på dugnad

Som ein del av dugnadsinnsatsen som foreldra er pålagt i Kardemomme barnehage, har eg og Mona utvikla og tilrettelagt www.kardemomme.no. Om vi sjølve skal seie det, så synes vi resultatet blei ganske bra ;-)

Gå til www.kardemomme.no

Primær målgruppe er i første omgang foreldrene til potensielle nye søkarar, difor er hovudvekt i global og kontekstuell navigasjon lagt på det som er særmerkt med barnehagen (m.a. miljøprofilen, det pedagogiske grunnlaget, nærmiljøet, personalet) og framgangsmåte for å søke plass. I tillegg har vi lagt vekt på å løfte fram barna som den viktigaste ressursen i barnehagen (noko som diverre ofte havner i bakgrunnen på andre barnehagesider vi har sett på).

Vi hadde ein del begrensande faktorar i utgangspunktet:

  • Dette var eit absolutt nullbudsjettsprosjekt, dvs. vi hadde ingen pengar whatsoever til programvare, bistand til utvikling eller design, marknadsføring, e.l.

  • Personalet som skal vedlikehalde sidene, har ingen forkunnskapar om webpublisering

  • Korkje eg eller Mona har i utgangpsunktet kompetanse på grafisk design

  • Sist eg koda HTML til anna enn prototypingsformål var i forrige årtusen.

Vi har klart å halde budsjettet på null rett og slett ved å gjere alt arbeidet sjølv ;-)

Dessutan benytter vi kun gratisversjonar av programvare til oppdatering av sidene:

  • Publiseringssystemt CityDesk er gratis for nettstader med mindre enn 50 sider. I tillegg køyrer det som ein Windows-applikasjon og er svært enkelt og brukarvennlig (det er forøvrig "usability-guruen" Joel Spolsky som har utvikla CityDesk)

  • Bildegalleri-applikasjonen JAlbum er kanskje ikkje like brukarvennleg, men skal med eit minimum av dokumentasjon være enkelt å bruke til å oppdatere bilder og innscanna teikningar som barna har laga

Designet synes vi sjølv vi har løyst på ein tilfredsstillande måte; den store utfordringa har vore å lage eit leikent og "barnslig" design som samstundes verkar seriøst og profesjonelt. Svigerfar Bjørn har bidratt med knappdesignet i den globale menyen, og også gitt oss innspel som leia oss fram til den fargerike skrifta i logoen. Skriftsnittet i logo og meny heiter forøvrig Brady Bunch, og er fritt tilgjengeleg for nedlasting frå InsaniType.

Navigasjon på nettstaden er gjort så enkel som mulig, gjennom å begrense innhaldsstrukturen til eitt nivå i tillegg til global navigasjon og gi tydeleg feedback på aktive menyvalg.

Vi har også valgt å legge lokal meny til høgre på underliggande sider, kanskje i strid med utbredte konvensjonar, men også i tråd med ein del andre funn.

I utgangspunktet var det eit mål å bygge sidene kun med CSS og utan bruk av tabellar o.l. til design, men pga. manglande tid til testing og manglande kunnskapar måtte vi diverre avvike litt frå målsetningane her.

Alt i alt er vi likevel godt nøgd med sidene, og håper vår dugnadsinnsats kan bidra til at enda fleire oppdagar miljøbarnehagen på Kampen.

28.03.2004, 19:16 in Design, Navigasjon, Publiseringssystem, Ymse | Fastlenke

Kommentarar

Så fint at det finnes nettsider med farger, godt jobbet!! Jeg lurer likevel på om det ville være mer lekent hvis overskriftens farger ikke var så strukturert (orange, lilla, grønn, orange...)? Claus

Posted by: Claus Torp at 13. april. 2004 11.57.35

Hva tenker foreldre, ansatte og dere om at såpass detaljerte bilder av barna legges ut på Internett?

Posted by: Eystein Vigerust at 16. mars. 2006 14.16.15

Kardemomme har eit svært oppegåande styre, som har laga gode retningslinjer som også blir fulgt:
http://www.kardemomme.no/07omoss/om_nettstedet.html

Iflg. desse skal det m.a. ikkje visast bilde av barn der vi ikkje har skriftleg tillatelse frå foreldra, det skal ikkje være mulig å finne etternavn på barna, og det blir ikkje lagt ut informasjon om kvar barna vil opphalde seg i forkant.

Med desse retningslinjene har vi, etter det eg veit, ikkje hatt negative reaksjonar på bildebruk. Eit par av foreldra har imidlertid ikkje godkjent bilder av sine barn på nettsidene, og desse blir manuelt luka ut før vi legger ut bilder.

Personleg er eg ikkje så veldig redd for å legge ut bildemateriale av mine barn, noko www.halland.us burde være godt nok bevis på ;-)

Posted by: Are Halland at 16. mars. 2006 15.54.56






Tilbaketråkk

Tilbaketråkk-URL for dette innlegget:
https://www.typepad.com/services/trackback/6a00d83455881869e200d83428e73753ef

Bloggar som refererer til Nettsider på dugnad: