18. februar 2004

Tog om netthandel

Interaksjonsdesignerpappa Bruce "Tog" Tognazzi (AKA Snoop Toggy Tog) lister opp Top 10 Reasons to Not Shop On Line:

  1. Buyer Protection problems
  2. After the sale service
  3. Customers can check in, but they can't check out
  4. The site seems to say, “We suggest you buy elsewhere”
  5. They upset the shopping cart
  6. "Ha, ha, betcha can’t buy it!"
  7. Search can’t find
  8. Information for making a buying decision is either insufficient, unintelligible, or just plain wrong.
  9. Stupid "cry wolf" promotional efforts make a site and, by extension, the company appear dim witted.
  10. It's faster to stand in line on the phone or, in some cases, drive to the store, than it is to wait for the pages to load.

Lista er forbausande (not!) lik konklusjonane vi i IconMedialab/WM-data har dokumentert tre år på rad i våre rapportar om julehandel. Vi delte inn problema på ein litt annan måte, i følgande taksonomi:

1. Finne produkt
1.1 Finne kategori
1.2 Finne produkt
2. Velge produkt
2.1 Produktinformasjon
2.2 Legge til handlekurv
2.3 Endre handlekurv
3. Registrering
3.1 Personlig informasjon
3.2 Leveringsadresse
4. Fullføring
4.1 Betaling
4.2 Ordrebekreftelse

Lista er uansett temmelig lik. I samtlige kategoriar blir det gjort grove feil, og den største problemkategorien vi noterte var knytta til registrering. Halvparten av våre testkundar ga opp å handle, og 42% av problema til desse var knytta til registrering.

Felles for omtrent samtlige problem i både vår og Tog sine problemlister er imidlertid at det meste er forbausande enkelt å fikse. Ein kan ikkje anna enn å gripe seg sjølv i å lure på om nettbutikkane faktisk ønsker seg kundar eller ei...

18.02.2004, 09:38 in Netthandel | Fastlenke

Kommentarar






Tilbaketråkk

Tilbaketråkk-URL for dette innlegget:
https://www.typepad.com/services/trackback/6a00d83455881869e200d83538d3ea69e2

Bloggar som refererer til Tog om netthandel: