6. september 2003

Meir om form og innhald

I etterkant av at Huftis skifta til grøn stil på bloggen sin, har det blitt ført eit aldri så lite ordskifte om innhald vs form her i Bloggeland. Ettersom det var eg sette i gang denne debatten, føler eg også for å utdjupe poenga mine litt.

Eg registrerer at til og med Huftis, som elles alltid framstår som strukturert, har problem med å stable argumenta sine, og det har for såvidt eg også ;-) Det er kanskje ikkje så rart heller, ettersom spørsmålet om form vs innhald (AKA form vs function) har spøka i bakgrunnen i uminnelege tider.

Så kva er det eigentleg vi snakkar om?

Først og fremst snakkar vi altså om tilhøvet mellom form og innhald, spesifikt for bloggar. Det åpenbare, innlysande fasitsvaret på spørsmålet er sjølvsagt at form og innhald må gå hand i hand. Det er i prinsippet ikkje mogleg å ha innhald utan design (sjølv om enkelte ser ut til å prøve hardt ;-). Det er heller ikkje mogleg å designe utan å formidle eit innhald (sjølv om ei lang rekke nettstadar diverre forsøker å skjule manglande innhald med design eller funksjonalitet).

Mitt synspunkt er også at form og innhald må gå hand i hand (sjølvsagt), men av dei to er det innhald/funksjon som er den viktigaste delen av likninga (form follows function). Formgivinga si oppgåve bør etter mitt syn alltid vere å støtte opp under bodskapen, gjennom m.a. å tale formspråket til målgruppa.

Noko av det verste eg ser er når designet står i vegen for eit godt eller interessant innhald, og dette finst det diverre litt for mange døme på. Men eg innser også at i nokre tilfelle bør form telle meir enn innhald/funksjon; det kjem an på samanhengen. Idealet å strebe etter bør uansett være at form, funksjon og innhald smeltar saman i ei høgare eining (Ååå, så lyst eg har på ein iPod...).

Nettstadar og andre digitale tjenester må i endå større grad enn for fysiske produkt (som ein kan ta og føle på, slik at det er lettare å utleie funksjonaliteten) være intuitive og følge visse konvensjonar. Også her er det stor forskjell på ulike nettstadar. Telenor.no har majoriteten av det norske folk som kundar (frivilleg eller ikkje), og bør ta heilt andre omsyn enn t.d. underhaldningsnettstadar eller personlege nettstadar og bloggar.

Folk er forskjellige, og enkelte ser kanskje heller ikkje sine eigne begrensningar ifht. formgjevning. Dette talar tusenvis av personlege heimesider med "bjeller og fløyter" og lite innhald sitt tydelege språk om (og også ein god del presumtivt "profesjonelle" sider, som Huftis også påpeikar).

Nokre av oss bruker venstre hjernehalvdel mest, andre brukar høgresida. Somme er best til å formilde idéar gjennom form, andre har ordet som sin viktigaste reiskap. Og slik bør det vere.

Nokre har ein bodskap dei ønsker å formidle, andre igjen tenker kanskje som Lasse:

For egentlig - hvis jeg skal være helt ærlig - så er egentlig målgruppa mi først og fremst meg selv ...

Og det er i utgangspunktet ikkje noko gale med ein slik tankegang heller; blogformatet er jo i bunn og grunn ei "dagbok på nett".

Men i ytterste konsekvens er det her tale om Internett sitt demokratisk potensiale generelt, og bloggen spesielt som eit folkeleg og personleg alternativt medium. For at "folk flest" skal fatte interesse for blogging, trur eg det er viktig at hovudfokus ikkje ligg på "navlebeskuing" og endelause, interne diskusjonar om det eine eller andre stilsettet.

Dette handlar også om kjønn, til ein viss grad. Menn er generelt meir interessert i å fikle med sjølve teknologien (stilsett, RSS, etc), mens kvinner gjerne er meir interessert i bruken av nye medier. Der vi menn kan bedrive den reinaste "teknologi-onani", fattar ikkje kvinnene interesse før dei ser at mediet kan brukast til noko nyttig.

Det meste kjente dømet er kanskje Alexander Graham Bell, som fann opp telefonen men ikkje skjønte kva den skulle brukast til. Han trudde den var eit kringkastingsmedium, og det var først når kvinnene fant ut at telefonen faktisk er eit sosialt medium at bruken tok av.

Utan å redusere dette til ein klassisk kjønnsdikotomi, trur eg at ein tilsvarande situasjon kan vere i ferd med å segle opp i bloggeland. Min kjære Mona, som eg stadig refererer til, har iallefall gitt uttrykk for at ho raskt fell av lasset når ho må ta stilling til teknologien som ligg bak (forøvrig fell ho også av lasset når eg skriv så lange og kronglete innlegg som dette, så det er vel på tide å avslutte her ;-)

Personleg foretrekker eg altså å velge mellom eit godt utvalg av profesjonelt designa, standardkompatible, predefinerte malar, og så evt. gjere visse personlege tilpasningar. Eg meiner dette er den ideelle måten for folk flest, og så får dei som har interesse av slikt gjerne sitte seine kveldstimar og konfigurere stilsettet sitt.

Men innhaldet er no trass alt viktigast, synes no eg då...

06.09.2003, 17:26 in Blogging, Design | Fastlenke

Kommentarar

Ja, sjølvsagt er det fint å kunne velja mellom «eit godt utvalg av profesjonelt designa, standardkompatible, predefinerte malar», og då *tar* du faktisk omsyn til utsjånaden.

For øvrig synest eg *ikkje* desse malane er spesielt godt utforma. For berre å ta eitt eksempel, er teksten i høgremenyen (frå «Recent Comments» og nedover) *fryktelig* vanskelig å lesa. Ein bør forstå at ein linjeavstand på *0* ikkje er spesielt leselig (låge og høge bokstavar blir faktisk overlappande).

Elles synest eg ikkje ein debatt om kva som er *viktigast* av form og innhald er spesielt fruktbar. Det er for alle praktiske formål irrelevant, då dei *begge* er so viktige. Det blir omtrent som å debattera kva som er viktigast av mat og drikka. (Sjølv om ein blir einige om ein av delane, vil ein likevel dø om ein kuttar ut den andre.)

Posted by: Karl Ove Hufthammer at 7. sep.. 2003 11.03.13

Det *er* ein vesensforskjell mellom "form follows function" og "form before function", og min ståstad er den første av dei to. Eg har krangla *mykje* med grafiske designarar om dette, og veit av erfaring at debatten er både viktig og nødvendig.

Du har eit poeng med linjeavstand og lesbarheit i høgremargen, og eg ser jo at ikkje alle malane som følger med MT og andre bloggeverktøy er særleg bra. Diverre, for det kunne og burde dei vere. Slike ting som linjeavstand og lesbarheit er det jo faktisk ganske klare reglar for, som det burde vere mulig å følge.

Sjølv nyttar eg TypePad, og er i utgangspunktet veldig godt nøgd med både malane og muligheitene for enkelt å overstyre desse om nødvendig. Alt som kjem ut av TypePad er også 100% standardkompatibelt, og det føles godt. Det skulle no berre mangle, spør du meg...

Forøvrig har eg eit inntrykk av at eg og du eigentleg er veldig einige om både grunnsynet på og verkemidla som skal til for å lage gode brukaropplevingar der form og funksjon heng i hop. Men "folk flest" trur eg likevel har best av å få servert godt og standardkompatibelt design på eit fat.

Posted by: Are Halland at 7. sep.. 2003 12.31.06

Linjeavstanden i høgremargen skulle forøvrig vere betre no...

.a

Posted by: Are Halland at 7. sep.. 2003 13.43.52

Jo, me er omtrent einige. Eg har eigentlig ingenting å tilføya i debatten.

Men eg vil påpeika at *ikkje* «alt som kjem ut av TypePad er også 100% standardkompatibelt». For eksempel er denne sida verken gyldig eller velforma XHTML (i ekte XHTML-nettlesarar ville ein berre fått ei feilmelding, og ingen tekst).

Elles bør det medfølgjande standardstilsettet sjølvsagt vera bra. Men det synest eg rett og slett ikkje dette er, av tekniske (ikkje grafiske) grunnar. For eksempel er det spesifisert *fast høgd* på toppfeltet, sånn at delar av teksten vil detta utanfor viss eg har større standardskrift enn designaren rekna med. (Ein forferdelig tåpelig ting å gjera; CSS er jo utforma slik at boksar lett skal kunna veksa med innhaldet.)

(Men for all del, standardstilsett er ikkje *so verst*. Eg har sett mange mykje verre!)

Forresten fint du fiksa linjeavstanden. Men eg synest òg linjeavstanden på heile sida med fordel kunne vera litt større, spesielt sidan du har mykje tekst / lange artiklar. Kunne du òg gjort noko med den salige blandinga av norsk og engelsk?

(Og før du skuldar meg for å berre vera opptatt av stilsett og sånt: Du *har* allereie innhaldet på plass. No gjenstår berre det visuelle. Form følgjer funksjon, og sånt, veit du. :) )

Posted by: Karl Ove Hufthammer at 7. sep.. 2003 15.12.53

Den tvilsame blandinga mellom norsk og engelsk i bloggen skuldast at eg foreløpig ikkje har muligheit til å gjere noko med det fordi eg ikkje har oppgradert til pro-versjonen av TypePad. Dermed får eg ikkje gjort noko med dei predefinerte titlane enn so lenge :-(

Eg har forøvrig fleire ting på lista som eg ønsker å gjere med denne bloggen, m.a. betre visninga på arkiv-kategorisidene samt utvide med nye (ikkje-blogg) seksjonar for meir "statisk" stoff som artikkelsamling, bokomtalar, peikarar, CV, osb.

Men alt til sin tid, eg må bli ferdig med hovudoppgåva mi først ;-)

Posted by: Are Halland at 18. sep.. 2003 15.08.06

Tilbaketråkk

Tilbaketråkk-URL for dette innlegget:
https://www.typepad.com/services/trackback/6a00d83455881869e200d834562ff969e2

Bloggar som refererer til Meir om form og innhald: