22. september 2003

Det enkle er ofte det beste

Arild Haraldsen skriv i digi om Det vandrende bredbånd; om at kombinasjonen av GSM-/GPRS-dekning og wi-fi gjer det mulig å hoppe bukk over 3. generasjon mobilnett (UMTS). Dette er mogleg fordi dette "vandrende breibandet" er ein "disruptive" teknologi, dvs. ein enklare teknologi som utkonkurrerer meir avanserte marknadsleiarar.

Sjølv har eg stor tru på marknaden for "disruptive" teknologiar, fordi mykje av teknologien vi omgir oss med etter mi meining er altfor kompleks og/eller ikkje i stand til å løyse brukarane sine grunnleggande problem.

Haraldsen skriv at "disruptive teknologiar" som regel oppstår "i nye markeder og tilbyr lavere priser med enklere funksjonalitet enn den teknologien den faktisk utfordrer". Slike teknologiar tar gjerne marknadsleiaren på senga, fordi desse er veldig fokusert på å gi kundane sine med stadig meir avansert funksjonalitet.

Dette gir meg fleire umiddelbare assosiasjoner:

For det første Donald Norman i boka The Invisible Computer, som omtaler såkalla "information appliances" (dvs. enkle digitale reiskap som løyser ein konkret oppgåve) som disruptiv teknologi ifht. den altfor komplekse PC-teknologien. Norman sin argumentasjon går på at PC-en har blitt eit monster av kompleksitet, der *ingen* faktisk treng meir enn ein brøkdel av funksjonalteten som blir tilbydd. Metaforen han bruker er "Swiss Army"-kniven, som har drøssevis med reiskap til alle mulig formål, men der ingen av reiskapa kvar for seg er særleg gode. Skal du skjære brød eller klippe håret bruker du andre, spesialtilpassa reiskap. Så PC-en er definitivt moden for å bli utfordra av andre, "disruptive" teknologiar.

For det andre at fenomenet *blogging* også i stor grad kan forståast som disruptiv teknologi; ein langt enklare, nedskalert modell av web-publiseringssystem (CMS). Det at Microsoft og andre store aktørar no har begynt å interessere seg for "corporate blogging", utan heilt å skjønne kva det er og kva det kan brukast til, kan være ein indikasjon på dette.

For det tredje at det meste av teknologien vi omgir oss med sannsynlegvis er altfor kompleks og/eller for dårleg ifht. problema ein prøver å løyse. PC-en og CMS-system er allereide nevnt, og treng du fleire døme ta ein titt på videospelaren din eller menyen på ein DVD-film.

Eg trur vestleg telekom-industri meir enn nokon er sårbare for disruptive teknologiar, fordi dei ser ut til å leve i eit veldig teknologi- og funksjonalitetsorientert paradigme og ikkje har tilstrekkeleg forståing for brukarane sine behov. UMTS vs wi-fi er eit døme, floppen med WAP vs. den japanske storsuksessen i-mode eit anna. Og det finst mange fleire.

Personleg har eg stor tru på tilnærminga til Donald Norman, m.fl.: gjennom å tolke, forstå og besvare brukarane sine grunnleggande mål og behov, er det mulig å lage enklare, betre teknologiar som *faktisk* løyser problem for folk, og ikkje slår dei i hovudet med meir kompleksitet.

PS! Veit nokon om det fins ei norsk oversetting av "disruptive"? Disruptiv stod iallefall ikkje i mi framandordbok, og "nedbrytande" fangar ikkje opp heile spekteret av meining i originalomgrepet. Forslag?

22.09.2003, 13:51 in Brukskvalitet, Teknologi | Fastlenke

Kommentarar

”Disruptive techonologies” kan oversettes til norsk som undergravende teknologier. De undergraver eksisterende teknologier og markeder.

Posted by: Tone Terum at 22. sep.. 2003 17.27.20

Jeg har problemer med å se hvordan wifi og UMTS passer inn i definisjonene dine. UMTS er faktisk ikke tilgjengelig de fleste steder, så det kan umulig være markedsledende. Som wifibruker er min erfaring at teknologien er vanskelig å sette opp (jeg måtte f.eks. bytte operativsystem på min bærbare fordi 3Com-kortet ikke hadde driver til Windows 98), og svært upraktisk og/eller kostbart i bruk når man forlater nettverk man har tilgang til. Gratis wifi-tilgang på offentlige steder fungerer bare så lenge antall brukere er lavt - om wifi noensinne tar av vil båndbredden raskt sprenges.

P.t. er faktisk det beste håpet for wifi for ikke-nerder at store aktører som Telenor kommer inn i markedet og sørger for at man kan koble seg til hotspots overalt for en rimelig penge. En slik løsning kan kalles mye rart, men neppe undergravende... :-)

Posted by: Eirik at 25. sep.. 2003 15.03.43






Tilbaketråkk

Tilbaketråkk-URL for dette innlegget:
https://www.typepad.com/services/trackback/6a00d83455881869e200d83421189953ef

Bloggar som refererer til Det enkle er ofte det beste: