26. september 2006

Invitasjon til webdagene 2006

Webdagene_blogg_1

26. - 27. oktober inviterer NetLife Research og Origo til Webdagene 2006: "To tettpakkede dager med alt du trenger å vite for å drive et effektivt nettsted eller intranett anno 2006".

Hvis du oppgir rabattkoden VAA (Venner Av Are) i kommentarfeltet ved påmelding, så trekker vi fra 500,- på fakturaen dersom du melder deg på begge dagane. Melder du deg på før fredag 29. september kan du spare enda ein tusenlapp.

Velkomen skal du være, og tips gjerne andre!

Meir informasjon og påmelding: www.webdagene.no

26.09.2006, 13:51 i Ymse | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

24. mai 2006

Netlife here we come!

Det er kanskje ingen stor hemmelegheit lenger, men eg og Mona har altså sagt opp i WM-data og begynner i Netlife Research frå og med 5. juni.

Les resten av "Netlife here we come!"

24.05.2006, 22:33 i Ymse | Fastlenke | Kommentarar(1) | Tilbaketråkk(0)

11. oktober 2005

Var DU på Yggdrasil? Fortell!

Som nevnt kom eg meg ikkje av garde på Yggdrasil i år, om eg aldri så gjerne ville. Men DU var der kanskje? I så fall: Fortell meg kva eg gjekk glipp av.

Inntrykk? Uttrykk? Rykter? Kommentarar? Bedre eller dårlegare enn tidlegare år? Spesielt interessante temaer? Spesielt kjedelige sesjonar? Kva sakna du? Og ikkje minst: kven hadde nachspiel og kven var der?

Bruk kommentarfeltet og fortell, fortell!

11.10.2005, 23:31 i Tverrfagleg, Ymse | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

8. oktober 2005

Ufatteleg bittert...

.. at eg dessverre ikkje får med meg Yggdrasil-konferansen, som starter i Tønsberg på mandag. Forsåvidt bra å ha mykje å gjere på jobben, men bittert når det går ut over sjansen til å møte resten av fagmiljøet og bransjen.

Men kona får det iallefall med seg, ho skal snakke om retorisk design (som er vår oversetting av captology + litt til). Så eg får heller være med i ånden.

Andre småbitre ting er at eg tapte lodd-trekninga med kona om kven som skulle få med seg UXnet-meetup med Kjerst Corneliussen forrige onsdag. Sånn er det når barnevakten sviktar i småbarnsfamiliar.

Men til helga har vi iallefall barnevakt. Bra trøst er det derfor at både eg og Mona og ein god handfull andre trivelige nordmenn, skal nedover til Euro-IA Brussel neste helg.

08.10.2005, 17:08 i Ymse | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

7. april 2005

MP3 og retorikk på Stortinget

Les i Dagsavisen i dag at eit alderdommeleg Storting har store problem med å skjøne implikasjonane av kva dei skal vedta i den famøse MP3-lovgjevinga. Dette blir ikkje mindre problematisk når dei kritiske røstene ikkje har gjort retorikk-heimeleksa si før dei stiller opp i opne høyringar.

Les resten av "MP3 og retorikk på Stortinget"

07.04.2005, 11:03 i Ymse | Fastlenke | Kommentarar(1) | Tilbaketråkk(0)

21. mars 2005

Yahoo kjøper flickr

Så er det offisielt: Yahoo! har vunne bodrunda om flickr, bildetenesta som meir eller mindre har revolusjonert både bildedeling og mykje anna på nettet.

Les resten av "Yahoo kjøper flickr"

21.03.2005, 18:12 i Ymse | Fastlenke | Kommentarar(1) | Tilbaketråkk(0)

29. november 2004

Adam Greenfield i Oslo?

Les i bloggen til Adam Greenfield at han er på veg til Oslo:

Off to Oslo in a few days to give a talk about, again, social implications of ubiquitous computing.

Det store spørsmålet eg lurer på er: Når er han i Oslo, og i kva slags samanheng skal han snakke om dette? Anyone?

Sjå også: All watched over by machines of loving grace.

Oppdatering 02.12.04: Takk til Jostein som avklarte at seminaret det er snakk om er dette InterMedia-seminaret om sosial programvare 9. desember. Seminaret er gratis, og har omlag 40 ledige plassar totalt.

Personleg trur eg det blir vanskeleg å ta torsdagen fri, men det kan kanskje andre?

29.11.2004, 21:43 i Ymse | Fastlenke | Kommentarar(3) | Tilbaketråkk(0)

10. november 2004

Firefox 1.0 er her

Get Firefox!Firefox 1.0 er ein knakande god nettlesar (også på norsk), og eg kan ikkje anna enn å anbefale bytte dersom du fortsatt sverger til Internet Explorer.

Min hovudårsak til å velge Firefox er at denne nettlesaren er 100% standard-kompatibel, i motsetning til standard-verstingen IE. (Det finst også mange andre nettlesarar som er langt betre enn IE. Gjer ditt eige valg!).

10.11.2004, 21:01 i Ymse | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

29. august 2004

Party like it's 2000

Takk til alle ex-iconistar som gjorde gårsdagens dot-com-revival-fest til ein morsom, minneverdig og smått vemodig affære.

Mykje kan seiast, og har blitt sagt, om dot-com-flaggskipet IconMedialab sin fartstid i Noreg. Etablert av Mr. Dot-com Johan Stäel von Holstein og co. i 1996. Etablert i Norge i desember 1998 gjennom oppkjøpet av Neo Interaktiv, der underteikna kom inn i folden. Så fusjonert i rask rekkefølge med Thunderhouse, Arakno, Intergate og Circle Innovation, før nederlandske Lost Boys tok over kontrollen. I Norge var det WM-data som overtok det norske konkursboet i april 2002.

Alt i alt var det ein svimlande, men lærerik berg-og-dal-banetur, der hovudprisen min varierte frå vel 15 millionar til knappe 2 øre. Det var rask vekst over alle støvleskaft, luftige opsjonsordningar, høg sigarføring, dyre (men morsomme) festar, ekstrem dyrt interiørdesign og svulstige powerpoints for alle penga (og vel så det).

Men det var også ein fandenivoldsk vilje til å satse, til å tenke stort og tverrfagleg og til å kaste seg ut på djupt vatn med høge faglege ambisjonar. Eg hugsar lange, opprivande og ekstremt lærerike faglege kranglar mellom HCI- og design-gruppa. Eg hugsar julehandelsrapportane våre (som ikkje ga oss ein einaste kunde), Gulltaggen, IconProcess og ein (kanskje litt naiv) optimisme som prega oss alle til the bitter end.

Men først og fremst hugsar eg mange ekstremt talentfulle mennesker med høge ambisjonar. Takk for ei fin tid, og nok ein bra fest!

29.08.2004, 22:05 i Ymse | Fastlenke | Kommentarar(1) | Tilbaketråkk(1)

1. april 2004

Gmail - genialt?

Dagens 1000-kroners-spørsmål er om Google sitt nye tilbud om gratis e-post med 1GB lagringsplass er ein gigantisk aprilspøk eller årets marknadsføringsgenistrek.

Min teori er at dette ikkje er ein aprilspøk, men eit spektakulært marknadsføringstiltak frå Google sin side. Ved å utforme pressemeldinga humoristisk og datere den 1. april, har dei iallefall fått i gang ein gigantisk, global snakkis (minst 254 oppslag verden rundt så langt) på tjenesten om dei skulle velge å lansere den.

Genialt er det uansett. Gooooo Google!

01.04.2004, 10:59 i Ymse | Fastlenke | Kommentarar(2) | Tilbaketråkk(1)