27. september 2004

Tilgjengeleg torsdag

Førstkomande torsdag er det tilgjengelegheit som står i fokus for Last Thursday. Temaet opptar meg i såpass stor grad at eg har store planer om å ofre torsdagsbasketen, og eg oppmodar andre til å gjere tilsvarande prioriteringar.

Temaet er altså tilgjengelegheit for funksjonshemma. Eller er det eigentleg det? Håkon Styri poengterer i sin forhåndskommentar av evenementet at tilgjengelegheit kan - og bør - bety langt meir enn tilpasning av nettsider for funksjonshemma.

Les resten av "Tilgjengeleg torsdag"

27.09.2004, 23:28 i Tilgjengelegheit | Fastlenke | Kommentarar(1) | Tilbaketråkk(1)

20. februar 2004

Surf for eldre

Usability News - 6.1 2004 -- Evaluation of Websites for Older Adults: How "Senior-Friendly" Are They?.

Artikkelen tek for seg designretningslinjer for eldre brukarar (over 55), og burde vere eit nyttig innspel i utforming av offentlege nettstadar som har eldre som prioritert brukargruppe.

Og eldre brukarar burde vere ei prioritert brukargruppe, ettersom det snart berre er dei gamle som har tid til å surfe rundt på "gamlemåten". Folk flest blir meir og meir målretta, og skal først og fremst "kjapt inn og kjapt ut" for å hente det dei er ute etter.

20.02.2004, 09:38 i Tilgjengelegheit | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

13. november 2003

2% tilgjengeleg...

Ifølge denne undersøkinga er det berre 2% av amerikanske nettstadar i privat sektor som validerer mot standardar for tilgjengelegheit (engelsk: Accessibility). Hovudårsakane som blir oppgitt er funksjonshemma ikkje er i målgruppa, ein kjenner ikkje muligheitene, og at det er for dyrt, argument som blir behørig nedsabla av BuiltForTheFuture.

Situasjonen er neppe det spøtt betre i Norge (amerikanarane har iallefall sin 508 Disability Act som har ført til gode resutaltater i offentleg sektor).

Spørsmål: Kjenner nokon til om det er gjort tilsvarande undersøkingar i Norge?

13.11.2003, 12:07 i Tilgjengelegheit | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)