7. august 2006

Internettet anno 1993

Morsomt! Via Underskogen kom det meg for øyre at Studentradioen i Bergen har dykka i arkivet og funne det famøse temaprogrammet "Internettet - et elektronisk hav av muligheter" frå 1993 eller deromkring. Programmet er ein samtale mellom underteikna og Espen Aarseth (m.a. kjent for klassikaren Cybertext: Perspectives on Ergodic Literature).

Så skulle du også, mot formodning, vere interessert i å mimre litt om gopher, usenet, IRC og weben slik den framsto før den blei kommersiell og fekk grafisk grensesnitt til akkompagnement av synt-musikk, så anbefaler eg absolutt å sette av knappe 37 minutter til å lytte til lydklippet.

Har du winamp installert kan du lytte til klippet direkte frå srib.no, evt. kan du prøve denne versjonen via odeo med litt slapp lydkvalitet:

powered by ODEO

God fornøyelse! Og bidra gjerne med dine eigne Internett-minner i kommentarfeltet.

07.08.2006, 21:29 i Teknologi | Fastlenke | Kommentarar(2) | Tilbaketråkk(0)

3. oktober 2003

Digital-TV igjen...

BBC News melder at millionar av brukarar blir forvirra av digital-TV, særleg eldre og svaksynte brukarar. Nøyaktig slik eg påpeika i kronikken min...

03.10.2003, 13:20 i Teknologi | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(1)

22. september 2003

Det enkle er ofte det beste

Arild Haraldsen skriv i digi om Det vandrende bredbånd; om at kombinasjonen av GSM-/GPRS-dekning og wi-fi gjer det mulig å hoppe bukk over 3. generasjon mobilnett (UMTS). Dette er mogleg fordi dette "vandrende breibandet" er ein "disruptive" teknologi, dvs. ein enklare teknologi som utkonkurrerer meir avanserte marknadsleiarar.

Sjølv har eg stor tru på marknaden for "disruptive" teknologiar, fordi mykje av teknologien vi omgir oss med etter mi meining er altfor kompleks og/eller ikkje i stand til å løyse brukarane sine grunnleggande problem.

Les resten av "Det enkle er ofte det beste"

22.09.2003, 13:51 i Brukskvalitet, Teknologi | Fastlenke | Kommentarar(2) | Tilbaketråkk(0)

28. august 2003

Flash og brukarvennligheit

Flash er ein svært interessant teknologi, eit kraftig utviklingsverktøy som gir utviklarar og designarar makt til å utføre små mirakel i eit web-grensesnitt i høve til "tradisjonell" html. Men makt kan også korrumpere, og absolutt makt korrumperer visstnok absolutt, i følge Lord Acton...

Les resten av "Flash og brukarvennligheit"

28.08.2003, 21:28 i Brukskvalitet, Teknologi | Fastlenke | Kommentarar(2) | Tilbaketråkk(0)