28. mai 2005

SuperBitsMeetup 1. juni om Adaptive Design

På ekstremt kort varsel har vi fått Timo Arnell til å stille opp på Christian Kvart førstkomande onsdag for å snakke om Adaptive Design. Timo underviser m.a. ved master-studiet i interaksjonsdesign ved AHO og utfrå bloggen hans ser han ut til å være ein særdeles spennande mann. Eg falt iallefall pladask for både innhald, navigasjon og informasjonsdesign på elasticspace.com!

Så vidt eg har forstått handlar Adaptive Design (AD) m.a. om ein grunnleggande annleis tilnærming til design enn den "tradisjonelle" brukarfokuserte design-prosessen, der ein i langt større grad tek høgde for at produktet lever "sitt eige liv" etter lansering. Boka "How Buildings Learn" av Stewart Brand er ein standard-referanse som omhandlar det som skjer med fysiske bygg etter at dei er bygd.

Les resten av "SuperBitsMeetup 1. juni om Adaptive Design"

28.05.2005, 12:22 i Design, Interaksjonsdesign, Superlim, Tverrfagleg | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

7. april 2005

Takk for i går!

Img_1252_1

Ta cirka 24 engasjerte fagmennesker, legg til øl, og du har starten på eit skikkeleg fagmiljø!

For å sitere meg sjølv fra oppsummeringa på meetup.com:

Keep it simple er nøkkelen til suksess: øl første onsdag kvar måned klarer folk å hugse, og ikkje minst lar det seg organisere på ein særdeles enkel måte. Utfordringa framover blir å kaste eit enda breiare tverrfagleg nett, og få t.d. Grafill på opplegget.

Dette lover svært bra, eg gledar meg allereiede til første onsdag i mai!

Sjå også: IA Summit Redux

07.04.2005, 10:00 i Superlim, Tverrfagleg | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(1)

18. mars 2005

Velkomen til SuperBitsMeetup 6. april!

Fagmiljøet for oss som steller med brukeropplevelser, informasjonsarkitektur, interaksjonsdesign, usability, brukervennleghet eller hva vi nå velger å kalle det, har manglet et uformelt samlingspunkt. Til nå.

Onsdag 6. april møtes vi på Christian Kvart, og satser på å gjøre dette til det faste samlingspunktet første onsdag hver måned. Vi prøver å få til en faglig del på cirka 30 minutter hver gang, men hovedpoenget er å møtes over en øl.

Det faglige temaet første onsdag blir en oppsummering fra IA-summit, ved Are Halland og Karl Johan Sæth.

Viktige tidspunkter:
17.30 - Middag og pre-sosialisering for de som kommer rett fra jobb
18.30 - Faglig del: IA-summit v/Are Halland og Karl Johan Sæth
19.00 - Øl og sosialisering

Sted: Christian Kvart, Rosenkrantzgt. 7

Påmelding: http://ia.meetup.com/7/events/4170616/

Vi har rabatt på mat, øl, vin og garderobe. Bare si at du kommer fra
SuperBitsMeetup.

Arrangementet er et samarbeid mellom BITS, Superlim og IA-meetup.

Vel møtt!

Sjå også: "Super-BITS-meetup" 6. april

18.03.2005, 12:21 i Superlim | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

15. februar 2005

"Super-BITS-meetup" 6. april

Alle i fagmiljøet bør halde av eit par timar på kvelden onsdag 2. mars 6. april. Vi (dvs. Superlim, BITS og IA-meetup) prøver å få til ein felles, uformell møte-arena for alle som steller med brukaropplevingar, informasjonsarkitektur, interaksjonsdesign, usability, brukarvennlegheit eller kva du no ønsker å kalle dyret ditt. Og øl er definitivt involvert.

Gå til IA-meetup for å melde fra om du kan eller ikkje.

Les resten av ""Super-BITS-meetup" 6. april"

15.02.2005, 22:05 i Superlim, Tverrfagleg | Fastlenke | Kommentarar(2) | Tilbaketråkk(1)

28. november 2004

Smart dame, Christina

Wodtke2"Mrs. Information Architecture", Christina Wodtke, har vore i byen og reist igjen. Her er ei oppsummering av presentasjonen ho haldt. Beklager at det blei litt langt; det som kjent lettare å skrive langt enn kort...

Les resten av "Smart dame, Christina"

28.11.2004, 22:51 i Informasjonsarkitektur, Superlim, Søk | Fastlenke | Kommentarar(5) | Tilbaketråkk(0)

25. november 2004

Få med deg Wodtke på laurdag!

Christina Wodtke er i Oslo på laurdag kl 14 for å snakke om "Future trends in IA", og du har sjansen til å få det med deg!

Kven er Christina Wodtke, spør du?

Les invitasjonen frå Jostein i Superlim:

Les resten av "Få med deg Wodtke på laurdag!"

25.11.2004, 13:16 i Superlim | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

18. november 2003

Superlim/IA-meetup er AVLYST!

Kor lite oppdatert går det an å være? Øl-treff/IA-meetup/Superlim-treff på Lompa kolliderer jo med Norge-Spania! Kvifor har ingen gjort meg oppmerksom på dette før? Ikkje rart det var dårlig med påmeldingar...

Altså: Det blir IKKJE oppmøte på Lompa i morgon klokka 19!

18.11.2003, 21:38 i Superlim | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

Way to go, Erik!

Ser at Erik Saastad i Telenor Mobil har tatt bladet frå munnen, og begynt å meine litt om brukskvalitet i digi.no han også. I dette innlegget om brukskvalitet og KID-nummer omtaler han m.a. Norge som eit u-land ifht. brukskvalitet, noko eg diverre må seie meg heilt einig i.

Nettopp difor er det ekstremt viktig at vi som har kompetanse, erfaringar og meiningar på området tør å vere åpne nok til å kaste oss inn i debatten, sjølv om Erik heller ikkje slepp unna den forventa "stein-i-glasshus-kritikken", som eg sjølv også har opplevd fleire gongar.

Det er slikt ein må tåle når ein stikk hovudet "ut av skapet", kastar seg ut på "de 70.000 favner" og meiner noko. Det skal litt mot til (med mindre ein då er naturleg PR-kåte, slik som meg sjølv ;-).

Eg utfordrar herved alle andre Superlim-medlemmar til å gjere det samme!

18.11.2003, 17:34 i Brukskvalitet, Superlim | Fastlenke | Kommentarar(1) | Tilbaketråkk(0)

27. oktober 2003

Superlim: Kva skjer?

Det har no straks gått to veker sidan den første Superlim-samlinga (heri også opptatt IA-meetup). Møtet med vel 30 andre informasjonsarkitektar, interaksjonsdesignarar og andre med profesjonell interesse for å utvikle gode brukaropplevingar, må kunne karakteriserast som ein suksess.

Men kva skjer med oppfølginga av evenementet? Det var brei semje om å opprette ei e-postliste (mailingliste) for medlemane for å fortsette diskusjonen online, men så langt har ingen ting skjedd. Så oppfordringa mi til Superlim-gjengen er: Få ut finger'n og få oppretta mailinglista ASAP! Det tek knappe 5 minutt på yahoogroups, og er ekstremt viktig for å halde oppe momentum og motivasjon.

27.10.2003, 20:25 i Superlim | Fastlenke | Kommentarar(5) | Tilbaketråkk(0)

9. oktober 2003

OBS! IA-meetup blir Superlim!

Kart: Hoffsveien 1AViktig melding til alle som har meldt seg på IA-meetup 15. oktober: IA-samlinga på Lorry kl. 19 utgår, i staden møtes vi til samme tid under paraplyen "Superlim" i lokala til Netlife Research i Hoffsveien 1A på Skøyen.

"Superlim" har ambisjonar om å bli eit fagleg og sosialt nettverk for alle som jobber med interaksjonsdesign, informasjonsarkitektur, usability m.m. Initiativtakarar er Elizabeth Strand (Making Waves), Øystein Gutu (Userminded), Tone Terum (Telenor Mobil) og Jostein Magnussen (Netlife Research).

Agenda for oppstartsmøte:
- Hva har vi tenkt og gjort til nå?
- Trenger vi et slikt nettverk?
- Hva er dette i forhold til andre forum, foreninger og nettverk?
- Hva kan nettverket gjøre for oss alle?
- Hvem skal det være for?
- Formelt eller uformelt: hva ønsker du?
- Arrangementer?
- m.m

Så møt opp i lokala til Netlife Research i Hoffsveien 1A, (sjå kart) klokka 19, onsdag 15. oktober.

09.10.2003, 15:55 i Informasjonsarkitektur, Superlim | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)