7. mars 2006

Fattigmanns domenestrategi

Ein ting som eg har vore klar over lenge, men som eg blei påmint nok ein gong i Roar Eriksen sin presentasjon om søkemotoroptimalisering, er viktigheita av ein god domenestrategi ifht. SEO. Domenestrategien for min blogg er mildt sagt elendig.

Les resten av "Fattigmanns domenestrategi"

07.03.2006, 21:22 i Søkemotoroptimalisering | Fastlenke | Kommentarar(8) | Tilbaketråkk(0)

2. mars 2006

Søkemotorvennleg UXnet-meetup

Stor takk til Roar Eriksen som tok utfordringa og stilte opp på kort varsel for å spre ordet om etisk søkemotoroptimalisering for UXnet-meetup.

Her er presentasjonen til Roar (PDF, 278kB)

Roar overraska positivt på mange slags vis (slik Jarle også ser det - les hans oppsummering her), og er definitivt tilgitt for å at foredraget varte i vel to timar.

Mitt inntrykk var at dei vel 20 frammøtte var delt omtrent i to like store leirar:

  • ein interessert, men stort sett stille halvdel som satte pris på litt "voksenopplæring" om eit heller ukjent fagområde
  • ein meir teknisk orientert halvdel som stort sett stod for spørsmål, digresjonar og diskusjon, satte også pris på innhaldet

Eg reknar meg sjølv ein stad i midten her, relativt oppegåande om ikkje 100% inne i alle finurligheter om den siste Google-dansen og dei siste teoriane om vekting av rangeringsfaktorar. Uansett trur eg både eg og andre sat igjen med ny kunnskap, bl.a. at

  • Tekst lagt oppå eit bakgrunnsbilde kan være 100% lesbart for folk, men likevel bli ignorert av søkemotorar dersom tekstfargen ikkje skiller seg meir enn 3% heksadesimalt fra bakgrunnsfargen på sida
  • Den klassiske kalender-kontrollen (som lar brukaren navigere fram til desember 2999) fungerer som ein rein spider-felle og kan hindre resten av nettstaden å bli indeksert
  • Meta keywords og meta descriptions kan faktisk gjere store utslag på rangering, gitt at det er gjort riktig (bl.a. maks 15 ord, som må ha relevans til innhaldet på sida)

Men det viktigaste poenget er sjølvsagt at søkemotoroptimalisering først og fremst handlar om godt innhald, god navigasjon og generelt godt handtverk ifht. å følge utbredte standardar.

PS! Roar ba meg også legge ut denne, "så man kan se hva man skal bruke sesam til :)"

02.03.2006, 22:09 i Søkemotoroptimalisering, UXnet | Fastlenke | Kommentarar(2) | Tilbaketråkk(1)

22. februar 2006

Søkemotoroptimalisering - gode, onde og grusomme aktørar og metoder

Førstkomande onsdag er det søkemotoroptimalisering som er tema på UXnet-meetup. Roar Eriksen frå Online Services innleiar til det som burde kunne bli ein svært så interessant diskusjon ;-)

Roar gir ein kort introduksjon til temaet søkemotoroptimalisering (eller SEO om du vil). Han tar også for seg status for SEO på norske nettstader og ikkje minst litt om status for SEO-bransjen i Noreg.

Diskusjonen i etterkant burde etter mi meining ta som utgangspunkt at ein del grunnleggande SEO-teknikkar er heilt nødvendige bestanddelar i verktøykassa for oss informasjonsarkitektar, designarar, interaksjonsdesignarar m.m.

Det som imidlertid bør kunne diskuterast, er kor vidt og eventuelt kordan vi bør samarbeide samarbeide med ein bransje som etter fleire si meining opererer i ei etisk gråsone.

Sjølv har eg tidlegare vore svært kritisk til både Online Services og SEO-bransjen generelt. Mitt innlegg var forøvrig inspirert av Arve Bersvendsen sitt innlegg om søkemotoroptimalisering fra skyggesiden. (Anbefaler forøvrig sterkt å lese kommentarane til Arve sitt innlegg for å danne deg dine eigne oppfatningar om saken.)

Uansett er Roar Eriksen ein engasjert og oppegåande mann, med stor kunnskap om temaet (digi omtaler han som "en av skandinavias ledende eksperter innenfor området"). Han har jobba for m.a. Google, Telenor, Startsiden, Yahoo, Eniro og Findexa.

Møt opp og ta diskusjonen på Scuba Bar førstkomande onsdag kl. 18!
Den faglige delen starter cirka 18.30.

Påmelding her

(PS! Dette innlegget blir skrive med 38,9 i feber - forbehold om feberfantasiar!).

03.03:  Oppsummering her

22.02.2006, 20:01 i Søkemotoroptimalisering, UXnet | Fastlenke | Kommentarar(1) | Tilbaketråkk(1)