8. februar 2006

Presentasjon om søk på Software 2006

Her er presentasjonen min til søkeseminaret på Software 2006, torsdag 9. februar kl. 12.25:

Kordan skape gode søkeopplevingar? (PDF 2,4MB)

Eg har etter beste evne forsøkt å følge gjeldande råd for gode presentasjonar. Sjølve presentasjonen min vil difor i stor grad bestå av bilder, mens handout-versjonen har fleire kommentarar. I PDFen er det difor ein del foilar markert med (kommentar til forrige bilde), som altså er skjulte i sjølve presentasjonen.

Har planer om å følge opp med ein litt meir utfyllande skildring av mine "sju suksesskriterier for søk".

08.02.2006, 23:23 i Søk | Fastlenke | Kommentarar(1) | Tilbaketråkk(1)

8. september 2005

Adaptiv UXnet-meetup om søk

Gårsdagens UXnet-meetup endte som ein suksess, trass i verst tenkeleg utgangspunkt. Ikkje berre kræsja det med Norge-Skottland; når vi dukka opp på Christian Kvart viste det seg å være stengt(!). Dårleg planlegging på fleire nivå, med andre ord, men effektiv og koordinert omprioritering gjorde at cirka 10-12 frammøtte raskt kunne innta kjellaren på Kaffistova som alternativ lokalisering.

Pharo_modellDermed kunne Nils Pharo (eller "dr. søk" som eg liker å kalle han, definitivt utan godkjenning frå hans side ;-) frå Høgskulen i Oslo legge fram bakgrunn, funn og hovudmodellen frå sin doktorgrad om søkeprosessen.

Modellen til venstre (klikk for større versjon) oppsummerer hovudfaktorane som inngår i søkeprossen, og danna utgangspunkt for mange interessante diskusjonar undervegs.

Min forsøksvise oppsummering er at websøk er eit ekstremt komplekst problem, som definitivt ikkje kan løysast utelukkande med teknologi og algoritmer (sjølv om det også er veldig viktig).

Vi var innom m.a. pedagogiske behov  i grunnskulen, klustring og andre typar post-filtrering, logg-analyse, designutfordringar, muligheiter for å "tweake" relevans gjennom kunnskap om domene, innhold, brukarar, osv.

Diskusjonen viste også at møte mellom akademia og utøvarar er svært fruktbart og frister definitivt til gjentaking.

Alt i alt ein særdeles triveleg og interessant sesjon, som til slutt endte opp på Eilifs rett over gata og litt sørgepilsing etterkvart som det blei meir og meir klart at skottane trakk det lengste strået på Ullevål.

Til alle som prioriterte annleis i går kveld: det byr seg nye sjansar til å møte resten av fagmiljøet 5. oktober, då er temaet kommunikasjon i designprosessen m/Kjersti Corneliussen. Vel møtt!

Meir bakgrunn:

  • Doktoravhandlinga til Nils Pharo har tittelen "The SST Method Schema: a Tool for Analysing Work Task-Based Web Information Search Processes" og blei avlagt i 2002.
  • Avhandlinga kan lastast ned i fulltekst frå Universitetet i Tampere, Finland.
  • Kortversjonen finner du i denne artikkelen frå Information Research, Vol. 10  No. 1, 2004.
  • Du kan også laste ned presentasjonen til Nils frå i går som transitt.pdf (109KB). (Tips: Trykk Ctrl+L så får du fullskjermvisning i Adobe Acrobat!)

08.09.2005, 21:52 i Søk, UXnet | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

4. september 2005

Få med deg Nils Pharo på onsdag

Minner om onsdagens evenement på Christian Kvart: Dr.Soc.Sc. Nils Pharo (eller Dr. Søk om du vil) ved Høgskulen i Oslo står på programmet, og deler sine innsikter om søk og søkeprosessen basert på sin eigen doktorgrad om temaet.

Som vanleg møtest dei som ønsker det rett etter jobb frå 17 og utover for middag med fagmiljøet. Vi andre som et middag heime møter opp frå kl. 18 og utover. Den faglege delen starter som vanleg 18.30.

Meld deg på her!

Vel møtt!

04.09.2005, 22:10 i Søk, UXnet | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

11. april 2005

SEO-juks med støtte frå Dataforeningen

Arve Bersvendsen gjer ein god jobb med å ta søkemotoroptimalisering-cowboyane i Online Services med buksene nede. Det som er ekstra synd, er at Dataforeningen si faggruppe for web-kommunikasjon bidrar med gratis PR til dette etisk tvilsomme foretaket.

Les resten av "SEO-juks med støtte frå Dataforeningen"

11.04.2005, 20:56 i Søk | Fastlenke | Kommentarar(7) | Tilbaketråkk(6)

16. desember 2004

Ein liten søkesensasjon

GooglesuggestMange har sikkert fått med seg Google Suggest; ein beta-versjon av eit nytt grensesnitt til Google som "gjettar" seg fram til kva du søker etter mens du skriv.

Sjølv om teknologien ikkje er heilt ny, representerer denne formen for forhåndsvisning av informasjonsrommet du søker i ein liten sensasjon ifht. kva som er mulig i web-søk.

Les resten av "Ein liten søkesensasjon"

16.12.2004, 20:16 i Søk | Fastlenke | Kommentarar(2) | Tilbaketråkk(0)

28. november 2004

Smart dame, Christina

Wodtke2"Mrs. Information Architecture", Christina Wodtke, har vore i byen og reist igjen. Her er ei oppsummering av presentasjonen ho haldt. Beklager at det blei litt langt; det som kjent lettare å skrive langt enn kort...

Les resten av "Smart dame, Christina"

28.11.2004, 22:51 i Informasjonsarkitektur, Superlim, Søk | Fastlenke | Kommentarar(5) | Tilbaketråkk(0)

3. september 2004

Search Experiences

Me and my user experience-team here in WM-data recently published a report entitled "Evaluating the search experience on 25 norwegian websites". The report is freely available, but unfortunately in Norwegian only for the time being...

Anyway, here is a short, english write-up i did for conference submission (not proof-read!):

Download SearchExperience.pdf (PDF, 54 kB)

PS! This is my first (maybe only?) english language post on this blog. I do intend to go bi-lingual with an english language versjon (called UserExperiences or something) at some point in time, but need to sort out some technical issues with wordpress first...

03.09.2004, 15:46 i In English, please!, Søk | Fastlenke | Kommentarar(1) | Tilbaketråkk(0)

4. juli 2004

Tre hypoteser om søkeopplevingar

Det følgande er eit utdrag frå innleiinga til søkerapporten vår:

Tre sentrale hypoteser om søkeopplevelsen

Hva er egentlig et godt søk? Er det et spørsmål om teknologi, og valg av riktig søkemotor? Eller er det et spørsmål om hvor gode svar søket gir? Det finnes ulike tilnærminger til denne problemstillingen. Vi har lagt vekt på å vurdere hvordan søkefunksjonen fungerer i forhold til brukernes behov og forventninger, med utgangspunkt i tre sentrale antagelser:

Les resten av "Tre hypoteser om søkeopplevingar"

04.07.2004, 18:53 i Søk | Fastlenke | Kommentarar(1) | Tilbaketråkk(0)

30. juni 2004

Nytt søkeseminar 22. september

Fagseminaret vårt om søk 16. juni var meir enn fullteikna, og basert på tilbakemeldingar og interesse har vi bestemt oss for å gjenta suksessen over sommarferien.

Datoen er satt til 22. september, og sjølv om det endelege programmet ikkje er klart enno kan det være lurt å melde seg på her allereide no. Ambisjonen er at det faglige programmet skal bli minst like bra som sist gong. Vi har forøvrig også lagt ut samtlige presentasjonar frå seminaret 16. juni.

PS! No skal visstnok det tåpelige problemet med tilgang til wmdata.no via Opera/Mozilla/Firefox vere fiksa :-)

30.06.2004, 20:02 i Søk | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

19. juni 2004

Søkeseminar og meir presse

cw180604_forsideSøkerapporten har ført til mitt aller første forsideoppslag! Fredagens Computerworld dekker søkerapporten vår ganske så grundig:

Ellers må også fagseminaret vårt om søk på onsdagen kunne beteiknast som ein stor suksess, med innlegg av hhv. Jan Staff i Gule Sider (om redesign-prosessen for det nye søket på gulesider.no), nordisk sjef Per Andersen i IDC om The High Cost of Not Finding Information, og Davor Peter Sutija (Ph.D) fra FAST.

Og til sist på seminaret var det underteikna som oppsummerte bakgrunn, resultater og anbefalingar med denne presentasjonen:

Hva svarer vi når brukerne spør? (PDF, 2Mb)

Det har vore rimeleg bissy på jobben denne veka, så vi har enno ikkje fått tid til å legge ut dei resterande presentasjonane frå foredraget. Desse vil bli lagt ut på www.wmdata.no/ux over helga. Vi skal også prøve å få lagt ut sjølve rapporten, men inntil vidare er det berre å ta kontakt med underteikna (are.halland[krøllalfa]wmdata.no) eller Trude Hole (trude.hole[krøllalfa]wmdata.no) for å få den tilsendt enten som PDF eller i trykt rapport i posten.

Ellers var det så stappande fullt på seminaret at vi var nødt til å avvise fleire påmeldte. Vi vil difor sette opp eit tilsvarande seminar over sommaren. Forøvrig skal eg også halde innlegg om søkerapporten på årets Yggdrasil-konferanse.

19.06.2004, 13:54 i Søk | Fastlenke | Kommentarar(1) | Tilbaketråkk(0)