13. juni 2006

Sju metaforar for samspel mellom PDA og PC

PdapcLitt forsinka pga. fotball-VM og det fine veret, men her kjem ein liten UXnet-oppsummering likevel:

14 interesserte sjeler fikk med seg forrige onsdags UXnet-meetup, der Ole Andreas Alsos tok for seg ulike metaforar for samspill mellom handheldte einingar (PDA, mobil, o.l.) og pc.

Ole Andreas er til dagleg rådgjevar innanfor fagområdet brukervennlighet og design i Steria. Presentasjonen var baserte på hans eigen diplomoppgåve, Exploring interface metaphors for using handhelds and PCs together, avlagt ved NTNU våren 2005.

Last ned presentasjonen PDAvsPC_Alsos_UXnet_070606.pdf (4MB).

Diplomen tok utgangspunkt eit konkret case frå St. Olavs-hospitalet i Trondheim. Scenariet var ein konkret pasient-lege-situasjon, der legen skal presentere røntgen-bilder fra sin eigen PDA på pasienten sin Windows Media-baserte pasientterminal.

Med dette som utgangspunkt, samt  utforska han sju forskjellige metaforar for samspel mellom dei to einingane, mellom andre:

Les resten av "Sju metaforar for samspel mellom PDA og PC"

13.06.2006, 20:58 i Navigasjon, UXnet | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

5. mars 2005

Navigation Pyramid Poster Handout

Here's the handout for my poster later today:

HallandNavigationHandoutIasummit05.pdf
(The PDF is 1.3mB, so watch out)

05.03.2005, 17:12 i In English, please!, Navigasjon | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

20. april 2004

Noko å strekke seg etter

Her er ei brukaroppleving der form, funksjon og innhald går hand i hand:

Serco TransArctic Expedition - Solo across the North Pole: One man. 1,240 miles. Alone in the Arctic.

Denne nettstaden har ALT:

Les resten av "Noko å strekke seg etter"

20.04.2004, 17:56 i Design, Navigasjon, Tverrfagleg | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

28. mars 2004

Nettsider på dugnad

Som ein del av dugnadsinnsatsen som foreldra er pålagt i Kardemomme barnehage, har eg og Mona utvikla og tilrettelagt www.kardemomme.no. Om vi sjølve skal seie det, så synes vi resultatet blei ganske bra ;-)

Gå til www.kardemomme.no

Les resten av "Nettsider på dugnad"

28.03.2004, 19:16 i Design, Navigasjon, Publiseringssystem, Ymse | Fastlenke | Kommentarar(3) | Tilbaketråkk(0)

11. mars 2004

Navigasjonssti på nye eventyr

Widgetopia er Christina Wodtke sitt nye blogg-prosjekt for å dokumentere og kommentere nye og gamle grensesnitt-detaljar, og vel verdt å abonnere på for oss som er interessert i slike ting.

Eit av dei siste tilskudda i mengden er denne nye bruksmåten for den gode, gamle navigasjonsstienWorld66.com:

Genialt? Sannsynlegvis. Særleg dersom ein i tillegg la på ei ørlita forseinking på mouse-over-effekten, slik at den ikkje legg seg i vegen for "vanlige brukarar".

(No er det jo slett ikkje alle brukarar som anvender navigasjonsstien som navigasjonshjelpi utgangspunktet. Denne studien viser m.a. at om lag 40% av brukarane kan finne på å ty til navigasjonsstien.)

11.03.2004, 12:54 i Navigasjon | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

6. mars 2004

Heiser, hypertekst og navigasjon

The Random Lift Button er eit fascinerande prosjekt av mange årsaker, ikkje berre fordi det har klare parallellar til verkelegheita. Prosjektet gir også tankevekkande perspektiv på navigasjon.

Les resten av "Heiser, hypertekst og navigasjon"

06.03.2004, 20:58 i Hovudoppgåve, Navigasjon | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

18. november 2003

Ufritt sjukehusvalg

38065.jpg Etter å ha sett NRK sitt helsemagasin Puls slakte informasjonskvaliteten på nettstaden Fritt sjukehusvalg, blei eg inspirert til å fyre av følgande breidside i digi.no mot resten av nettstaden.

18.11.2003, 10:39 i Artikkelsamling, Brukskvalitet, Navigasjon | Fastlenke | Kommentarar(1) | Tilbaketråkk(0)

9. september 2003

Dagens tåpelige: Tønsberg kommune

Eg trudde nesten ikkje dette var sant når eg såg det, men Tønsberg kommune har altså det mest stusselige nettstadskartet eg nokon gong har sett.

tonsberg.jpg
Lenkene her er åpenbart klikkbare, men kva trur du skjer når du klikkar på dei?

Les resten av "Dagens tåpelige: Tønsberg kommune"

09.09.2003, 10:08 i Brukskvalitet, Navigasjon | Fastlenke | Kommentarar(5) | Tilbaketråkk(0)

24. august 2003

Back er brukarvennleg!

Denne avhandling frå 1999 er kanskje gammalt nytt (Getting Back to Back: Alternate Behaviors for a Web Browser's Back Buttons), men konklusjonen trur eg er minst like gjeldande i dag: Back-knappen er redningsplanken for svært mange web-brukarar. Og som vi veit, trekker du redningsplanken unna ein person, har vedkommande ein lei tendens til å drukne.

Les resten av "Back er brukarvennleg!"

24.08.2003, 21:34 i Navigasjon | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

16. mai 2003

Kjønn og navigasjon

Jan Thoresen i Dagbladet er ein utmerka journalist, og begikk nyleg artikkelen Kvinner trenger stor skjerm.

Dette er interessant lesning, men som med all forskning generelt (og brukertesting spesielt) kan det tenkast at bakanforliggande, spuriøse variablar styrer resultatet: Er resultata t.d. vekta i høve til det faktum at kvinner generelt har mindre nett-erfaring (kortare fartstid) enn menn?

Større skjerm er heller ikkje direkte overførbart til antagelser om forståing av romlege metaforar: Årsaka kan like gjerne være at kvinner tenker meir visuelt og ergo krev høgare oppløysning for å fremje forståing.

Mi oppfatning er forøvrig at menn i langt større grad er teknologi-onanistar, i tydinga meir opptatt av teknologien enn bruken. Kanskje blei mennene så fascinert av storskjerm-teknologien at dei rett og slett mista fokus på navigasjonsoppgåvene?

16.05.2003, 23:04 i Navigasjon | Fastlenke | Kommentarar(0)