2. november 2005

Retorisk design

Her er Mona sin presentasjon om "retorisk design" frå årets Yggdrasil-konferanse:

Last ned yggdrasil05_monahalland_retoriskdesign.pdf (2,2MB PDF)

Oppdatering: Her er også den skriftlege dokumentasjonen av foredraget:

Les resten av "Retorisk design"

02.11.2005, 20:16 i Mona sine ting | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

21. februar 2005

Velkomen heim, Mona!

Min kjære Mona har begynt hos oss i WM-data UX. Det føles godt å ha ho tilbake igjen - både fagleg og personleg. 

Les resten av "Velkomen heim, Mona!"

21.02.2005, 18:58 i Mona sine ting | Fastlenke | Kommentarar(1) | Tilbaketråkk(0)

15. september 2004

Passordtyranniet

MonadnMin kjære Mona har kronikk i dagens utgåve av Dagens Næringsliv, og temaet er passordsikkerheit. Ettersom DN ikkje legg ut kronikkar på nettsidene sine, har eg lagt ut ein faksimile av artikkelen (klikk på bildet for å få opp i nytt vindauge).

Hovudpoenget er paradokset om at jo større teknisk og teoretisk sikkerheit eit passord har, jo mindre sikkerheit i praksis. Dette fordi oppskrifta på eit sikkert passord tilfeldigvis er ganske lik oppskrifta på eit passord som umogleg å hugse. Konsekvensen er at folk skriv ned passordet sitt, og sikkerheita blir i praksis mindre. Dette er eit spesielt kritisk problem for massemarknadsapplikasjonar slik som nettbank.

Utfordringa til IT-bransjen er dermed å få på plass enkle og brukarvennlege autentiseringssystem ved hjelp av single sign-on, iris-scanning, fingeravtrykkgjenkjenning, osb. Men også å ta eit totalansvar for sikkerheit i praksis, ved å tenke gjennom det menneskelege aspektet av eit sikkerheitssystem.

Oppdatering: Kronikken til Mona er også lagt ut på sidene til Halogen.

Ny oppdatering: Artikkelen er ikkje lenger tilgjengeleg hos Halogen, og blir derfor lagt ut her i fulltekst:

Les resten av "Passordtyranniet"

15.09.2004, 11:31 i Brukskvalitet, Mona sine ting | Fastlenke | Kommentarar(3) | Tilbaketråkk(1)

16. september 2003

Presentasjon frå Yggdrasil

Her er Mona sin presentasjon ("Brukertestet er ikke det samme som brukervennlig") frå siste dag av Yggdrasil-konferansen:

Sjå også dokumentasjonen av foredraget.

16.09.2003, 20:24 i Brukartesting, Mona sine ting | Fastlenke | Kommentarar(1) | Tilbaketråkk(0)

10. september 2003

Mona i Computerworld

Mona blei intervjua i Computerworld i august 2001. Les artikkelen Kyberkrymperne.

10.09.2003, 18:41 i Mona sine ting | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

8. september 2003

Dette er Mona

For alle som måtte lure på kven Mona er, her er svaret.

Dette er Mona

Les resten av "Dette er Mona"

08.09.2003, 22:00 i Mona sine ting, Ymse | Fastlenke | Kommentarar(1) | Tilbaketråkk(0)

Brukertestet er ikke lik brukervennlig

Min kjære Mona skal holde foredrag om brukertesting på årets Yggdrasil-konferanse, og her er sammendraget av presentasjonen.

Les resten av "Brukertestet er ikke lik brukervennlig"

08.09.2003, 19:58 i Brukartesting, Mona sine ting | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

1. september 2003

Når menneske og maskin kommuniserer

Her er til beste ein artikkel min kjære Mona har begått. Mona er utdanna informasjonspsykolog frå Institutt for psykologi, NTNU. I artikkelen gjer ho greie for samspelet mellom menneske og maskin, og kva slags grunnleggande utfordringar som gjer at desse to sjeldan kommuniserer godt nok:

"Kommunikasjon mellom menneske og maskin skiller seg på mange måter ikke stort fra kommunikasjon mellom mennesker. For at kommunikasjon skal fungere er vi avhengig av at partene forstår hverandre og stoler på hverandre." (...) "Vi må ta hensyn til egenskapene til aktørene, og det er store og vesentlige forskjeller mellom mennesket og maskinen. Mennesket er svært fleksibelt, har god evne til å korrigere sin adferd i tillegg til at det kan bearbeide store mengder informasjon. På den annen side kan mennesket sin kreativitet medføre mindre pålitelighet. Maskinene er mer pålitelige. De er preprogramert for nøyaktige spesifikke funksjoner." (...) "Å lage systemer som tar hensyn til partenes egenskaper er en utfordring"

Eit mogleg svar på utfordringa i kommunikasjonen mellom menneske og maskin, er å eliminere den menneskelege delen av likninga(!). Artikkelen tek også for seg dette spørsmålet og farane som knytter seg til dette, ved å gå referere til m.a. AI-system.

Det bør kanskje også presiserast at artikkelen i hovudsak tek utgangspunkt i brukargrensesnitt til ekspertsystem som kontrollrom og cockpitar, heller enn brukaropplevingar i høve til nettstader og forbrukarteknologi - som er hovudfokus for denne bloggen. Men dei grunnleggande innsiktene i kommunikasjonen mellom menneske og maskin er minst like viktige for begge områda.

(Mona Halland er i dag informasjonsarkitekt i Halogen as.)

Les resten av "Når menneske og maskin kommuniserer"

01.09.2003, 21:48 i Artikkelsamling, Brukskvalitet, Mona sine ting | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)