2. april 2005

Heuristikkar på norsk?

Fekk nylig eit spørsmål om det fantes ei norsk oversetting tilgjengeleg av Jacob Nielsen sine 10 heuristiske kriterier for evaluering av brukskvalitet (eller usability om du vil). Det finst det så vidt eg veit ikkje, derimot gjorde eg sjølv ei rask oversetjing for nokre år sidan. Denne hadde eg tenkt å legge ut her, men det var før eg las Jacob sine copyright-retningslinjer.

Mannen krever forsyne meg $250 (vel 1.580,- med dagens kronekurs) for oversettingsrettane til ein(!) enkelt artikkel på useit.com, og det er rimeleg uaktuelt for meg å punge ut med den summen. Heldigvis finst det gode alternativ.

Les resten av "Heuristikkar på norsk?"

02.04.2005, 01:02 i Brukskvalitet, Metode | Fastlenke | Kommentarar(2) | Tilbaketråkk(0)

3. oktober 2004

Mobil produktutvikling

Frå laurdagens DN om Microsoft som nyttar sosialantropologar og feltstudier til å drive innovativ produktutvikling basert på brukarbehov:

- MSN vil utvikle produkter som vanlige mennesker kan og vil bruke. Derfor drar jeg hjem til folk, følger dem en hel dag og ser hva som er viktig i livet deres og hvordan de kommuniserer med andre. Der teknologiske utviklere før kom med idéene, går vi nå ut til forbrukerne og spør dem hva de vil ha, sier Cohen Kiel.

Kor mange antropologar har Telenor og NetCom på sine lønningslister? Kor mange burde dei hatt? Kor mykje kunne dei spart seg av feilaktig produktutvikling? Kor mykje betre kunne produkta og tenestene vore dersom innovasjon var basert på kunnskap om brukarbehov og ikkje vill gjetting utfra kva slags teknologiar vi tilfeldigvis har tilgjengeleg akkurat no?

Meir om feltstudier og antropologiske metodar i produktinnovasjon frå UIE:
Field Studies: The Best Tool to Discover User Needs
Driving Innovation and Creativity through Customer Data

03.10.2004, 12:03 i Interaksjonsdesign, Metode, Tverrfagleg | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)