10. oktober 2005

Leve wysiwyg og enkelheit!

I den siste Alertbox-spalten sin (R.I.P. Wysiwyg - Results-Oriented UI Coming) går Jacob Nielsen langt i å gravlegge den tradisjonelle Wysiwyg-metaforen (What You See Is What You Get).

Hovedargumentet til Jacob er at den overveldande mengden av funksjonar i nye applikasjonar gjer det nødvendig å tenke annleis:

Unfortunately, we've now reached the limits of the current GUI paradigm. Displaying commands in menus, toolbars, and dialog boxes works with a limited number of elements. But Microsoft Word 2003 has 1,500 commands, and users typically have no clue where to find most of them.

Alternativet Jacob peikar på er det meir resultat-orienterte interaksjonsparadigmet i nye Microsoft Office. Men basert på alle tidlegare erfaringar med Microsoft-teknologiar som skal "forutsjå" brukaren sine handlingar (tenk Office-bindersen og "smart" Auto-formattering som alltid gjettar det motsette av det du har tenkt - pføy!), er eg personleg veldig skeptisk til ei slik tilnærming.

Det finst imidlertid eit langt betre alternativ for å redde Microsoft Office og andre applikasjonar - nemlig å utrydde majoriteten av funksjonar som folk aldri brukar allikevel. Svaret er ikkje nødvendigvis meir avansert tankelesing, men rett og slett langt færre funksjonar. Enkelheit - eller simplicity om du vil - er vegen å gå, og forhåpentlegvis eit langt betre interaksjonsparadigme i det lange løp.

10.10.2005, 21:01 i Interaksjonsdesign | Fastlenke | Kommentarar(2) | Tilbaketråkk(0)

15. juni 2005

Nybakt05 på torsdag

Kort varsel, men GRIM inviterer til spennande presentasjon av studentprosjekta til avgangskullet på interaksjonsdesign ved AHO.

Torsdag 16. juni kl 18.30, Hausmannsgt 16, Norsk Design- og Arkitektursenter. Gratis inngang.

Les invitasjon hos GRIM

15.06.2005, 23:10 i Interaksjonsdesign | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

28. mai 2005

SuperBitsMeetup 1. juni om Adaptive Design

På ekstremt kort varsel har vi fått Timo Arnell til å stille opp på Christian Kvart førstkomande onsdag for å snakke om Adaptive Design. Timo underviser m.a. ved master-studiet i interaksjonsdesign ved AHO og utfrå bloggen hans ser han ut til å være ein særdeles spennande mann. Eg falt iallefall pladask for både innhald, navigasjon og informasjonsdesign på elasticspace.com!

Så vidt eg har forstått handlar Adaptive Design (AD) m.a. om ein grunnleggande annleis tilnærming til design enn den "tradisjonelle" brukarfokuserte design-prosessen, der ein i langt større grad tek høgde for at produktet lever "sitt eige liv" etter lansering. Boka "How Buildings Learn" av Stewart Brand er ein standard-referanse som omhandlar det som skjer med fysiske bygg etter at dei er bygd.

Les resten av "SuperBitsMeetup 1. juni om Adaptive Design"

28.05.2005, 12:22 i Design, Interaksjonsdesign, Superlim, Tverrfagleg | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

11. februar 2005

Kart a la Google

Google Maps er kanskje ingen nyheit lenger (det er jo nesten fire dagar sidan beta-lansering ;-). Men den nye kartapplikasjonen til søkegutta i Mountain View har såpass mange små-revolusjonerande interaksjonsdetaljar at det definitivt er verdt å gjere ein nærmare analyse. Sjølv om Google-kartet foreløpig berre er tilgjengeleg for adresser i Nord-Amerika, har norske leverandørar av nettkart mykje å lære.

Les resten av "Kart a la Google"

11.02.2005, 12:59 i Interaksjonsdesign | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

3. oktober 2004

Mobil produktutvikling

Frå laurdagens DN om Microsoft som nyttar sosialantropologar og feltstudier til å drive innovativ produktutvikling basert på brukarbehov:

- MSN vil utvikle produkter som vanlige mennesker kan og vil bruke. Derfor drar jeg hjem til folk, følger dem en hel dag og ser hva som er viktig i livet deres og hvordan de kommuniserer med andre. Der teknologiske utviklere før kom med idéene, går vi nå ut til forbrukerne og spør dem hva de vil ha, sier Cohen Kiel.

Kor mange antropologar har Telenor og NetCom på sine lønningslister? Kor mange burde dei hatt? Kor mykje kunne dei spart seg av feilaktig produktutvikling? Kor mykje betre kunne produkta og tenestene vore dersom innovasjon var basert på kunnskap om brukarbehov og ikkje vill gjetting utfra kva slags teknologiar vi tilfeldigvis har tilgjengeleg akkurat no?

Meir om feltstudier og antropologiske metodar i produktinnovasjon frå UIE:
Field Studies: The Best Tool to Discover User Needs
Driving Innovation and Creativity through Customer Data

03.10.2004, 12:03 i Interaksjonsdesign, Metode, Tverrfagleg | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

25. januar 2004

Loosemore's lov om bandbreidde

Loosemore's Law:

'intolerence of delay increases proportionally with speed of connection.'

Poenget her er at jo høgare fart, jo mindre toleranse for forsinkelsar hjå brukarane. Så auka bandbreidde er ingen unnskyldning for "overlessa" websider, snarare tvert imot.

(via blackbeltjones)

25.01.2004, 19:14 i Interaksjonsdesign | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

26. november 2003

Prototyping med flanellograf?

Ser at diskusjonslista for interactiondesigners.com vurderer ulike materialer for rask prototyping, med utgangspunkt i dette spørsmålet:

Is anyone aware of whiteboard-like material that comes in a form (sheets, pages) that can be easily cut-up? For instance, we are creating buttons, widgets, components to be used for rapid prototyping with users as well as rapid concept concept generation with internal teams.

Blandt dei kreative framlegga til alternative teknikkar kan nevnast dette spesialsettet med magnetiske designelement og ulike typar bruk av vinyl og magnetiserte visittkort.

flanellografDå er det det slår meg at den gode, gamle flanellografen som Søndagsskuleforbundet tilbyr i nettbutikken sin burde passe perfekt til formålet!

Materialet er billig i innkjøp, haldbart, lett å klippe opp, lett å feste fast og løsne av, og i det heile tatt definivt verdt å teste ut!

26.11.2003, 15:54 i Interaksjonsdesign | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

12. november 2003

Live-symposium: Interaksjonsdesign

Fyr opp denne linken litt kjapt, og velg Live Video Stream frå boksen på høgre side. Då får med deg siste halvdel av første dag i det italienske Ivrea-instituttet sitt symposium "Foundations of Interaction Design".

Sjølv fekk eg med meg at overføringa var i gang litt for seint, og gjekk følgelig glipp av Donald Norman sitt innlegg om Emotional Design: Applying Theory to Practice. Bittert...

Notater og kommentarer til foredraga blir blogga fortløpande.

12.11.2003, 15:18 i Interaksjonsdesign | Fastlenke | Kommentarar(1) | Tilbaketråkk(0)