12. oktober 2004

Ikkje klikk her

Arve har gått til kamp mot "klikk her"-lenker, og får full støtte av bl.a. Håkon som også føyer "Les mer" og "Hele saken" til lista over fy-lenker.

Eg kan ikkje anna enn å gi min fulle støtte til begge innlegg, og berre føye til enda eit argument på lista:

Lenker i løpande tekst fungerer også som nøkkelord, på linje med utheva tekst og andre teknikkar som gjer det lettare å "skumlese" sider for å raskst plukke ut hovedpoenga. Vi er alle meir eller mindre "fartsblinde" når vi surfer på nettet, og verdien av store mengder "les mer" og "klikk her" i teksten gjer det ikkje lettare å orientere seg.

12.10.2004, 22:56 i Innhaldsutvikling | Fastlenke | Kommentarar(6) | Tilbaketråkk(0)

26. april 2004

Webpublisering i åtte steg

Webpublisering er 10% teknologi og 90% hardt arbeid. Denne presentasjonen fra AdaptivePath tar for seg eit vegkart for dei 90% med hardt arbeid, sirleg inndelt i åtte steg:

skjermdump_024

Les presentasjonen Getting Ready for Content Managment, 79 sider, 1.7 MB PPT.

Presntasjonen dekker ikkje alt, m.a. mangler ein god del om skrive- og vedlikehaldsprosessar, men gir eit godt overblikk over typiske utfordringar i CMS-prosjekter.

26.04.2004, 13:48 i Innhaldsutvikling | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

24. mars 2004

Form vs. innhald

"Form uavhengig av innhald" blir ofte løfta fram som eit vektig innsalgsargument i ulike samanhengar (tenk CMS og CSS). Men automatisk krysspublisering til alskens kanalar (print, web, intranett, pda, wap, digitalTV, etc.) og webdesign uavhengig av tekst innebærer også ein stor fare: Innhaldskreatøren (tekstforfatteren, journalisten, ordsmeden) står i fare for å miste forholdet til presentasjonsmediet.

Les resten av "Form vs. innhald "

24.03.2004, 21:39 i Innhaldsutvikling | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

13. november 2003

Innhald - konge eller klovn?

Gang på gang, igjen og igjen skjer det: Innhaldsutvikling skjer heilt til slutt i prosessen, etter at design og teknologi er på plass. Det er på tide å snu denne trenden!

Gerry McGovern etterlyser innhaldsdisiplin. Keith Robinson påpeiker at Content Management er ein prosess, ikkje ein teknologi [På norsk blir CMS gjerne omsett med publiseringsløysning, som gjer det litt vanskeleg å hevde det same på norsk]. Og copy-guru Nick Usborne hamrar inn det samme poenget i kjent stil i eit innlegg på nylig redesigna A List Apart.

13.11.2003, 11:19 i Innhaldsutvikling | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)