28. april 2004

Informasjonsvisualisering

Information Visualization: Failed Experiment or Future Revolution?

Denne presentasjonen av Karl Fast frå IA-summit'04 er eit glimrande utgangspunkt for å lære om informasjonsvisualisering, med eksempler og gjennomgang av problemstillingar. Han definerer informasjonsvisualisering som:

"... bruk av data-støttede, interaktive, visuelle representasjoner av abstrakte data for utvide/forsterke (amplify) kognisjon"

Utover i presentasjonen skiller han også mellom bruk av visualisering/grafikk for å kommunisere idéar (klassisk design-tenkning) og bruk av visualisering "to generate, create and discover new ideas" (informasjonsvisualisering).

Dømer på informasjonsvisualisering:

  • I presentasjonen sin viser Fast m.a. til Datelens: A Revolutionary Scalable Calendar Interface, frå HCI-gruppa ved Universitetet i Maryland, og som komprimerer kalender-informasjon for PDA på ein oppsiktsvekkande god måte. (PS! Dette er også døme på s.k. Zoomin User Interface, ZUI)
  • Map of the Market frå Smartmoney er eit klassisk døme.

Fleire utgangspunkt:

28.04.2004, 10:39 i Informasjonsdesign | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

6. mars 2004

Eksemplariske dømer

Note to self: Ta vare på desse døma til seinare bruk.

06.03.2004, 18:56 i Informasjonsdesign, Metadata | Fastlenke | Kommentarar(2) | Tilbaketråkk(0)

18. november 2003

Spissformulering om design

Her er ei lita spissformulering om design som eg er ganske godt fornøgd med:

"Godt design handlar om at designaren klarar å lese tankane til brukaren. Dårleg design handler om at brukaren må lese tankane til designaren."

Bytt gjerne ut design med interaksjonsdesign, informasjonsdesign eller informasjonsarkitektur etter behov.

Jesse James Garret har forøvrig skrive om informasjonsarkitekten som tankelesar (lenka fungerer visst ikkje akkurat no, prøv igjen litt seinare.)

18.11.2003, 12:01 i Informasjonsdesign | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)