20. august 2005

Navigasjon som retorikk

Nevnte eg at hovudoppgåva mi no er tilgjengeleg for nedlasting i fulltekst?

20.08.2005, 11:46 i Hovudoppgåve | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

28. april 2005

Cand. philol.

Ein vakker dag skulle det være. Og det var jo faktisk dagen i dag, med sol frå skyfri himmel og vel 15 grader celcius i skuggen av Institutt for Medier og Kommunikasjon sine lokaler i Forskningsparken. Utgangspunktet for sensur og munnleg eksaminasjon var ikkje det aller beste, med vel tre veker med influensa i forkant -som småbarnsfamilie er det jo ikkje ein runde, men fire (Dette er også årsaken til at det vore litt stille her på bloggen i det siste).

Likevel, no er det overstått, og eg kan med rette titulere meg cand. philol. (sjølve beviset/diplomet blir visstnok ettersendt). Sjølve eksamineringa var ein noko ambivalent oppleving. På den eine sida fekk eg ein del "petiga frågor" om slurv i referanselista og andre formkrav (eg skulle visstnok ha lest ei blekke med tittelen "Akademisk skriving" (OBS! Word-dokument), som eg ved ein inkurie la merke til eksisterte akkurat like etter at eg leverte oppgåva til trykking). Slik blir det vel gjerne når ein "berre skal gjere eit raskt lite sveip tilbake til akademia" etter sju år i store, stygge næringslivet.

Les resten av "Cand. philol."

28.04.2005, 20:46 i Hovudoppgåve | Fastlenke | Kommentarar(5) | Tilbaketråkk(0)

28. februar 2005

Ferdig!

Då er houvudoppgåva mi overlevert til reprosentralen på Universitetet, og der er ingen ting meir eg kan gjere med den (iallefall ikkje før den munnlege eksaminasjonen). Det føles godt å være ferdig, og prosessen har vore lærerik men også slitsom.

Les resten av "Ferdig!"

28.02.2005, 20:04 i Hovudoppgåve | Fastlenke | Kommentarar(6) | Tilbaketråkk(0)

6. mars 2004

Heiser, hypertekst og navigasjon

The Random Lift Button er eit fascinerande prosjekt av mange årsaker, ikkje berre fordi det har klare parallellar til verkelegheita. Prosjektet gir også tankevekkande perspektiv på navigasjon.

Les resten av "Heiser, hypertekst og navigasjon"

06.03.2004, 20:58 i Hovudoppgåve, Navigasjon | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

13. desember 2003

Retorisk konvergens

Torsdag var første gong eg har vore til stades på ein doktordisputas. Anders Fagerjord forsvarte si avhandling om retorisk konvergens, og det med glans! Eg var vitne til eit akademisk festfyrverkeri av ei forestilling, der opponentane Jay David Bolter og Gail Hawisher ikkje ein einaste gong klarte å bringe kandidaten ut av stilen.

Utgangspunktet for Fagerjord var å belyse det ein kan kalle konvergenshypotesen; tanken om at alle "gamle" medieformer vil konvergere på web, og meir eller mindre automatisk smelte saman i eitt nytt webmedium så snart weben finn sin "eigen form". Fagerjord meiner langt på veg å ha motbevist denne hypotesen, og vist at tendensen heller går i retning av fleire uttrykksformer enn færre.

Dette lovar svært godt også for oss som til dagleg arbeidar med å forme dei nye mediene.

Les resten av "Retorisk konvergens"

13.12.2003, 10:43 i Hovudoppgåve | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

31. oktober 2003

Informasjonssanking? Informasjonsteft?

Eit av dei teoretiske konsepta eg ønsker å trekke inn i hovudoppgåva mi om navigasjon som retorikk, er såkalt information foraging, eller informasjonssanking som eg ønsker å oversette dette til på norsk. Andre norske variantar eg prøver meg på er informasjonsteft (information scent) og beitebytting (patch leaving), men eg er usikker på om eg får med meg essensen i original-omgrepa.

Eg legg difor til beste ut ein foreløpig tekst frå hovudoppgåva mi, og ber om innspel til oversetting og alternative omgrep:

Les resten av "Informasjonssanking? Informasjonsteft?"

31.10.2003, 10:19 i Hovudoppgåve, Språk | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

27. oktober 2003

Kort sit.rapp.

Eller situasjonsrapport, for den som måtte være interessert: Som enkelte (kanskje) har lagt merke til har eg tatt meg ei lita sjølvpålagt pause i blogginga, i eit forsøk på å få det nødvendige "tunnellsynet" som må til for å stunte hovudoppgåva mi innan 1. desember. Men tunellsynet har framleis ikkje inntruffe; i staden slit eg litt med motivasjonen mens eg famlar etter koblinga mellom den klassiske retorikken og navigasjonsproblemet i hypertekst...

Så difor har eg bestemt meg for å begynne å blogge igjen, og forhåpentlegvis også klare å bruke bloggen meir aktivt i oppgåveskrivinga. For til sjuande og sist er jo åpenheit og samarbeid den beste vegen, så vel i oppgåveskriving som i bygging av faglege nettverk...

27.10.2003, 20:20 i Blogging, Hovudoppgåve | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

19. september 2003

Dynamisk litteraturliste

Oppdatering 19.11: Litteraturlista mi er i ferd med å vokse over alle støvleskafter, så eg er no sakte i ferd med å migrere til EndNotes. Denne sida vil dermed sannsynligivs ikkje bli så veldig mykje meir oppdatert.

Her har eg planer om å utvikle litteraturlista for hovudoppgåva mi om "Navigasjon som retorikk" som eit dynamisk dokument med integrerte peikarar.

Kommentarar og innspel blir framleis motteke med stor takksemd!

Først posta 01.09.2003, sist oppdatert 27.11.2003

Les resten av "Dynamisk litteraturliste"

19.09.2003, 13:27 i Hovudoppgåve | Fastlenke | Kommentarar(1) | Tilbaketråkk(1)

1. september 2003

Prosjektskildring: Navigasjon som retorikk

Da er prosjektbeskrivelsen for hovedoppgåva mi oversendt til instituttet. Forhåpentligvis får eg den godkjent av programstyret 15. september, og er klar for å skrive hovedoppgåva ferdig i løpet av året.

Tittelen på oppgåva er:
Navigasjon som retorikk: Muligheiter for kontroll
av brukaroppleving i (offentleg) web-hypertekst
.

Kommentarar til tema, litteratur, alternative innfalsvinklar, osb. blir imøtesett med stor takk!

Les resten av "Prosjektskildring: Navigasjon som retorikk"

01.09.2003, 09:20 i Hovudoppgåve | Fastlenke | Kommentarar(3) | Tilbaketråkk(1)