2. mai 2005

We do stuff.

Unn deg sjølv ein titt innom det hotte konsulentfirmaet Huh? Corp., med det fantastiske slagordet "We do stuff." Huh? har eit stort, rundt og dyrt møtebord, og alt som ellers skal til for å skaffe seg dei kulaste jobbane. Eller som det heiter under "Clients":

Our marketing and consultant clients are numerous and prestigious. Far too numerous and prestigious to name, in fact. You'll just have to take our word on this. There's a lot of them. And they're all really big, successful companies. All of our clients are very powerful and have lots and lots of money. That's why we charge so much for our design and marketing services. Because we can.

Det beste med denne parodien (til Zeldman?) er forøvrig integrasjonen med Google AdWords, som nødvendigvis flasher konsulentbyrå med tilsvarande mengder tomprat i sine firmaomtaler.

Alt i alt den klart beste parodien i denne (takknemlige) sjangeren sidan 37signals sin no fem år gamle, men framleis legendariske eNormicom.

02.05.2005, 15:20 i Faghumor | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

11. november 2004

Lær deg norsk

Nyttige språkreglar frå superelectric, inkludert:

  • Unngå forklaringer i parentes (selv om de er relevante).
  • Aldri generaliser!
  • Vær mer eller mindre spesifikk.
  • Overdrivelser er tusen ganger verre enn klisjeer.

Les resten!

11.11.2004, 10:01 i Faghumor, Språk | Fastlenke | Kommentarar(1) | Tilbaketråkk(0)

4. august 2004

Bush blogger!

Gjer deg sjølv ei teneste, og les denne hysterisk morsommme saken fra The Onion. Bush har angiveleg begynt å blogge på PrezGeorgeW.typepad.com, og kommentarane hans skaper store problemer for CIA, Secret Service og PR-staben i det Kvite Hus:

McLaughlin said it's likely that Bush will eventually agree to submit his blog for review by the Secret Service.
"Right now, the president insists it's his right to have it, as long as he doesn't work on it during White House work hours," McLaughlin said. "But I believe we'll be able to convince him, if we let him calm down. And even if we don't, frankly, I can't see the blog holding his interest for too long."

(via anildash)

04.08.2004, 11:50 i Blogging, Faghumor | Fastlenke | Kommentarar(1) | Tilbaketråkk(0)

5. mars 2004

CHI i eit nøtteskall

OK/Cancel oppsummerarar fortreffelig kordan det føles er å være på CHI eller andre, tilsvarande gigantomaniske konferanser.

Les resten av "CHI i eit nøtteskall"

05.03.2004, 18:37 i Faghumor | Fastlenke | Kommentarar(2) | Tilbaketråkk(0)

23. januar 2004

HCI-humor: OK/Cancel

Web-teikneserien OK/Cancel tek problema rundt brukarfokusert design på kornet, og for meg har det blitt ein vanesak å følge med på dei vittige stripene og dei vettige kommentarane til Kevin Cheng og Tom Chi (sic!) i den tilhørande bloggen.

Blandt klassikarane så langt er stripene om konsekvensar av manglande budsjett til brukarfokuserte aktivitetar, harselas med installasjonsprosedyren til RealPlayer, "intelligente grensesnitt" i minibankar og problema med fokusgrupper, samt dei store software-aktørane sin innstilling til brukartesting tatt på kornet.

Det finst også ein rss-feed av blekka, men diverre utan at sjølve tegneserien kjem med (slik m.a. Dilbert-feeden gjer).

23.01.2004, 13:37 i Brukskvalitet, Faghumor | Fastlenke | Kommentarar(2) | Tilbaketråkk(2)

27. november 2003

Fagleg relevant videohumor

Her er til beste eit par ytterst relevante videoparodiar:

27.11.2003, 12:02 i Faghumor | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)