28. mai 2005

SuperBitsMeetup 1. juni om Adaptive Design

På ekstremt kort varsel har vi fått Timo Arnell til å stille opp på Christian Kvart førstkomande onsdag for å snakke om Adaptive Design. Timo underviser m.a. ved master-studiet i interaksjonsdesign ved AHO og utfrå bloggen hans ser han ut til å være ein særdeles spennande mann. Eg falt iallefall pladask for både innhald, navigasjon og informasjonsdesign på elasticspace.com!

Så vidt eg har forstått handlar Adaptive Design (AD) m.a. om ein grunnleggande annleis tilnærming til design enn den "tradisjonelle" brukarfokuserte design-prosessen, der ein i langt større grad tek høgde for at produktet lever "sitt eige liv" etter lansering. Boka "How Buildings Learn" av Stewart Brand er ein standard-referanse som omhandlar det som skjer med fysiske bygg etter at dei er bygd.

Les resten av "SuperBitsMeetup 1. juni om Adaptive Design"

28.05.2005, 12:22 i Design, Interaksjonsdesign, Superlim, Tverrfagleg | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

26. november 2004

Hipp hurra!

Vi har fått Merket for God Design for www.bi.no.

26.11.2004, 12:17 i Design | Fastlenke | Kommentarar(1) | Tilbaketråkk(0)

2. juni 2004

Dagens designsitat

There are only two ways to design:
user-centered design
or
designer-centered design
- Challis Hodge

Kort oppsummert, her er nokre av mine eigne (fordumsfulle) kjenneteikn på designersentrert design:

  • Knøttsmå, uleselege fontar (fordi alle designarar har briller og store skjermar?)
  • Konsekvent brudd på alt som er av konvensjonar (fordi konvensjonar er "kjedeleg"?)
  • Ekstremt høgt forbruk av bandbreidde (fordi alle designarar har fast T3-linje på jobben?)
  • Umuleg å skille lenker frå anna tekst (fordi konvensjonelle lenker er "stygt"?)
  • Mac er referanseplattform for alle skjermdumpar (sjølv om 90% av brukarane har PC)
  • Osv.

Les resten av "Dagens designsitat"

02.06.2004, 21:01 i Design | Fastlenke | Kommentarar(4) | Tilbaketråkk(2)

28. april 2004

Dagens designsitat

"Form follows function - that has been misunderstood. Form and function should be one." - Frank Lloyd Wright

Amen.

(Via denne Sitepoint-artikkelen: Design for Form or Function?)

28.04.2004, 15:18 i Design | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(1)

20. april 2004

Noko å strekke seg etter

Her er ei brukaroppleving der form, funksjon og innhald går hand i hand:

Serco TransArctic Expedition - Solo across the North Pole: One man. 1,240 miles. Alone in the Arctic.

Denne nettstaden har ALT:

Les resten av "Noko å strekke seg etter"

20.04.2004, 17:56 i Design, Navigasjon, Tverrfagleg | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

28. mars 2004

Nettsider på dugnad

Som ein del av dugnadsinnsatsen som foreldra er pålagt i Kardemomme barnehage, har eg og Mona utvikla og tilrettelagt www.kardemomme.no. Om vi sjølve skal seie det, så synes vi resultatet blei ganske bra ;-)

Gå til www.kardemomme.no

Les resten av "Nettsider på dugnad"

28.03.2004, 19:16 i Design, Navigasjon, Publiseringssystem, Ymse | Fastlenke | Kommentarar(3) | Tilbaketråkk(0)

6. september 2003

Meir om form og innhald

I etterkant av at Huftis skifta til grøn stil på bloggen sin, har det blitt ført eit aldri så lite ordskifte om innhald vs form her i Bloggeland. Ettersom det var eg sette i gang denne debatten, føler eg også for å utdjupe poenga mine litt.

Les resten av "Meir om form og innhald"

06.09.2003, 17:26 i Blogging, Design | Fastlenke | Kommentarar(5) | Tilbaketråkk(0)