3. november 2005

Presentasjonar frå brukervennlighetsdagen

Takk til alle foredragsholdere og vel 80 frammøtte som gjorde Verdens brukervennlighetsdag til ein skikkelig suksess i dag!

Her er er dei presentasjonene eg har fått tillatelse til å legge ut så langt:

Oppdtatering: Foredraget til Gunnar Bråthen om Tilgjengelighet for alle andre (PDF, 2,1mb) er tilgjengelig via eguiden.no.

Var du på seminaret? Gi gjerne ros og ris i kommentarfeltet.

03.11.2005, 21:40 i Brukskvalitet, UXnet | Fastlenke | Kommentarar(3) | Tilbaketråkk(0)

27. oktober 2005

Gratis og brukervennlig seminar

Worldudaysquare3. november er Verdens brukervennlighetsdag, og her i Oslo blir dagen markert med eit gratis seminar der du kan få med deg eit fint knippe av særdeles interessante foredrag og case-studier:

  • Ekte norsk = dårlig brukervennlighet ved Laura Arlov, Wordfixers
  • Nytteverdien av brukersentrert utvikling ved Jan Heim, Sintef
  • Brukervennlige forretningsprosesser ved Ragnvald Sannes, BI
  • Case: Selvangivelse på nett, ved skattedirektør Bjarne Hope, Skatteetaten
  • Brukervennlighet for alle, ved redaktør Gunnar Bråthen, eguiden.no
  • Case: Hvordan brukervennlighet på nett har bidratt til Norwegians suksess, ved IT-direktør Hans-Petter Aanby, Norwegian

Det vil også bli gratis servering av både mat og kaffi, takk være sponsorane Bouvet, Bekk, Making Waves og NetLife Research, mens WM-data sponsar flotte lokaler i Utdanningsetaten sitt konferansesenter på Helsfyr.

Tid: Torsdag 3. november, kl. 13-17
Stad: Utdanningsetatens konferansesenter, Strømsveien 102 (like ved Helsfyr t-bane)
Pris: Gratis, inkl. mat og kaffi

Påmelding og meir informasjon hos Dataforeningen/BITS
(Påmeldingsfrist tirsdag 1. november)

Arrangementet må kunne karakteriserast som eit ekte skippertaks-samarbeid mellom UXnet (ved underteikna og Jostein Magnussen) og BITS (ved Marianne Johansen). Stor takk også til alle foredragsholdarar som stiller opp gratis og på kort varsel!

PS! Konferanselokalet har plass til 130, men ting tyder på at vi kan bli fullbooka i god tid før påmeldingsfristen tirsdag førstkomande. Så meld deg på i dag!

27.10.2005, 15:14 i Brukskvalitet, UXnet | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

2. april 2005

Heuristikkar på norsk?

Fekk nylig eit spørsmål om det fantes ei norsk oversetting tilgjengeleg av Jacob Nielsen sine 10 heuristiske kriterier for evaluering av brukskvalitet (eller usability om du vil). Det finst det så vidt eg veit ikkje, derimot gjorde eg sjølv ei rask oversetjing for nokre år sidan. Denne hadde eg tenkt å legge ut her, men det var før eg las Jacob sine copyright-retningslinjer.

Mannen krever forsyne meg $250 (vel 1.580,- med dagens kronekurs) for oversettingsrettane til ein(!) enkelt artikkel på useit.com, og det er rimeleg uaktuelt for meg å punge ut med den summen. Heldigvis finst det gode alternativ.

Les resten av "Heuristikkar på norsk?"

02.04.2005, 01:02 i Brukskvalitet, Metode | Fastlenke | Kommentarar(2) | Tilbaketråkk(0)

15. september 2004

Passordtyranniet

MonadnMin kjære Mona har kronikk i dagens utgåve av Dagens Næringsliv, og temaet er passordsikkerheit. Ettersom DN ikkje legg ut kronikkar på nettsidene sine, har eg lagt ut ein faksimile av artikkelen (klikk på bildet for å få opp i nytt vindauge).

Hovudpoenget er paradokset om at jo større teknisk og teoretisk sikkerheit eit passord har, jo mindre sikkerheit i praksis. Dette fordi oppskrifta på eit sikkert passord tilfeldigvis er ganske lik oppskrifta på eit passord som umogleg å hugse. Konsekvensen er at folk skriv ned passordet sitt, og sikkerheita blir i praksis mindre. Dette er eit spesielt kritisk problem for massemarknadsapplikasjonar slik som nettbank.

Utfordringa til IT-bransjen er dermed å få på plass enkle og brukarvennlege autentiseringssystem ved hjelp av single sign-on, iris-scanning, fingeravtrykkgjenkjenning, osb. Men også å ta eit totalansvar for sikkerheit i praksis, ved å tenke gjennom det menneskelege aspektet av eit sikkerheitssystem.

Oppdatering: Kronikken til Mona er også lagt ut på sidene til Halogen.

Ny oppdatering: Artikkelen er ikkje lenger tilgjengeleg hos Halogen, og blir derfor lagt ut her i fulltekst:

Les resten av "Passordtyranniet"

15.09.2004, 11:31 i Brukskvalitet, Mona sine ting | Fastlenke | Kommentarar(3) | Tilbaketråkk(1)

12. mai 2004

Alt inn - ingenting ut

Den offentlege skjemaportalen AltInn fungerer åpenbart ikkje heilt etter hensikta om å forenkle innlevering av skjema til det offentlege:

– Per i dag er det faktisk raskere å sende inn momsoppgavene på papir.

Sitat ein frustrert bruker av AltInn, i følge denne artikkelen i digi.

I artikkelen og diskusjonsinnlegga som følger, går det fram at systemet bryt med ein heil rekke elementære prinsipp som gjer det tydelig at utviklingsprosessen for systemet neppe kan ha vore særleg brukarorientert.

Eg minner om at heile poenget med systemet var å forenkle dagens rutiner, og at det er blitt investert vel 40 millionar i prosjektet. Då SKAL ikkje slike ting kunne skje!

Her er nokre sitat frå diskusjonen (tittel-lenken er min oppsummering av problemet):

Les resten av "Alt inn - ingenting ut"

12.05.2004, 16:02 i Brukskvalitet | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

23. januar 2004

HCI-humor: OK/Cancel

Web-teikneserien OK/Cancel tek problema rundt brukarfokusert design på kornet, og for meg har det blitt ein vanesak å følge med på dei vittige stripene og dei vettige kommentarane til Kevin Cheng og Tom Chi (sic!) i den tilhørande bloggen.

Blandt klassikarane så langt er stripene om konsekvensar av manglande budsjett til brukarfokuserte aktivitetar, harselas med installasjonsprosedyren til RealPlayer, "intelligente grensesnitt" i minibankar og problema med fokusgrupper, samt dei store software-aktørane sin innstilling til brukartesting tatt på kornet.

Det finst også ein rss-feed av blekka, men diverre utan at sjølve tegneserien kjem med (slik m.a. Dilbert-feeden gjer).

23.01.2004, 13:37 i Brukskvalitet, Faghumor | Fastlenke | Kommentarar(2) | Tilbaketråkk(2)

18. november 2003

Way to go, Erik!

Ser at Erik Saastad i Telenor Mobil har tatt bladet frå munnen, og begynt å meine litt om brukskvalitet i digi.no han også. I dette innlegget om brukskvalitet og KID-nummer omtaler han m.a. Norge som eit u-land ifht. brukskvalitet, noko eg diverre må seie meg heilt einig i.

Nettopp difor er det ekstremt viktig at vi som har kompetanse, erfaringar og meiningar på området tør å vere åpne nok til å kaste oss inn i debatten, sjølv om Erik heller ikkje slepp unna den forventa "stein-i-glasshus-kritikken", som eg sjølv også har opplevd fleire gongar.

Det er slikt ein må tåle når ein stikk hovudet "ut av skapet", kastar seg ut på "de 70.000 favner" og meiner noko. Det skal litt mot til (med mindre ein då er naturleg PR-kåte, slik som meg sjølv ;-).

Eg utfordrar herved alle andre Superlim-medlemmar til å gjere det samme!

18.11.2003, 17:34 i Brukskvalitet, Superlim | Fastlenke | Kommentarar(1) | Tilbaketråkk(0)

Ufritt sjukehusvalg

38065.jpg Etter å ha sett NRK sitt helsemagasin Puls slakte informasjonskvaliteten på nettstaden Fritt sjukehusvalg, blei eg inspirert til å fyre av følgande breidside i digi.no mot resten av nettstaden.

18.11.2003, 10:39 i Artikkelsamling, Brukskvalitet, Navigasjon | Fastlenke | Kommentarar(1) | Tilbaketråkk(0)

7. oktober 2003

Brukarvennleg informasjonsarkitektur

Her er presentasjonen om "Brukervennlig informasjonsarkitektur" som eg og Mona heldt for "Nettredaktørskolen" på Westerdahls i kveld:

Under presentasjonen blei det etterlyst meir informasjon om kortsortering (Card Sorting) og cluster-analyse. Her er nokre gratis-verktøy som automatiserer desse prosessane: IBM EZSort, CardZort/CardCluster samt WebCat. Du kan også bruke Excel til å analysere data. Full oversikt over verktøy på iaslash.

Meir informasjon om kortsortering kan du finne m.a. på iawiki.net/CardSorting

07.10.2003, 22:31 i Brukskvalitet, Informasjonsarkitektur | Fastlenke | Kommentarar(3) | Tilbaketråkk(0)

22. september 2003

Det enkle er ofte det beste

Arild Haraldsen skriv i digi om Det vandrende bredbånd; om at kombinasjonen av GSM-/GPRS-dekning og wi-fi gjer det mulig å hoppe bukk over 3. generasjon mobilnett (UMTS). Dette er mogleg fordi dette "vandrende breibandet" er ein "disruptive" teknologi, dvs. ein enklare teknologi som utkonkurrerer meir avanserte marknadsleiarar.

Sjølv har eg stor tru på marknaden for "disruptive" teknologiar, fordi mykje av teknologien vi omgir oss med etter mi meining er altfor kompleks og/eller ikkje i stand til å løyse brukarane sine grunnleggande problem.

Les resten av "Det enkle er ofte det beste"

22.09.2003, 13:51 i Brukskvalitet, Teknologi | Fastlenke | Kommentarar(2) | Tilbaketråkk(0)