24. august 2006

Firmablogg i all enkelhet

Få selskap her i landet kan få 100 kundar og konkurrentar til å møte opp til firmablogglansering. Likevel var det akkurat det som skjedde i ettermiddag når vi i NetLife Research lanserte vår nye firmablogg iallenkelhet.no.

Iallenkelhet

Personleg er eg svært nøgd med sluttresultatet, som etter mi meining har dei fleste av elementa til ein vellykka firmablogg på plass:

  • Først og fremst godt innhald allereide ved lansering, ettersom vi har tilbakeblogga (backblogga) fire års verdt av nyhetsbrev og anna innhald
  • Tagg-basert navigasjon (som vi kallar stikkord i vår setting), elegant og intuitivt tilgjengeleg i footeren på sida.
  • Gode og relevante Calls2Action i høgrespalta, i form av kalender, abonnering på nyheitsbrev og RSS osv
  • Og mange andre småting eg er veldig godt fornøgd med (pluss enkelte bugs her og der som forhåpentlegvis vil gå seg til etterkvart)

Applausen etter avdukinga sto iallefall, om ikkje i taket, så iallefall i plastpresenningen som var spent over bakgården på Palace Grill. Eg skal også legge lenke til mitt innlegg om firmablogging her, så snart eg får publisert det borte på iallenkelhet.no :-)

Sjølv om eg no har fått ein ny baby i firmablogging, som nok vil få meir merksed frå mi side en brukaropplevingar.com har fått i det siste, så vil også den herværande bloggen leve vidare som min personlege fagblogg. Så følg med både her og der framover!

24.08.2006, 20:37 i Blogging | Fastlenke | Kommentarar(2) | Tilbaketråkk(0)

7. november 2005

Folder of Shame

Dette er litt flaut, men Jeffrey Veen oppfordrar oss om å vise fram alle uferdige blogg-innlegg vi har liggande. Begrunnelsen er som følger:

The other day, Matt Jones and I were chatting about what we haven't written on our blogs. Turns out we both are in the habit of starting posts, writing a paragraph or two, and then trailing off. We started comparing the lingering headlines in our "Drafts" folder, or as Matt calls it, The Folder of Shame.

Ok, her er iallefall min Folder of Shame i omvendt kronologisk rekkefølge:

Les resten av "Folder of Shame"

07.11.2005, 13:08 i Blogging | Fastlenke | Kommentarar(3) | Tilbaketråkk(0)

23. august 2005

Pingeling - ingenting!

Eg lenker med glede til Kyrre sin eminente Ett Eller Annet - ein norsk "pinge-teneste" som gir ein oppdatert oversikt over det meste som blir publisert av norske bloggar. Men diverre ikkje brukaropplevingar.com, iallefall ikkje enno.

Les resten av "Pingeling - ingenting!"

23.08.2005, 10:17 i Blogging | Fastlenke | Kommentarar(3) | Tilbaketråkk(0)

27. desember 2004

Pause

Denne bloggen tek pause fram til februar neste år, fordi januar månad er satt av til innspurt for hovudoppgåva mi. Til då: god jul, godt nyttår, og velkomen tilbake i februar!

27.12.2004, 18:28 i Blogging | Fastlenke | Kommentarar(1) | Tilbaketråkk(0)

13. desember 2004

Brukaropplevingar.com anmeldt

Ikkje i rettslig forstand heldigvis, men av Pål Leveraas for ABC Startsiden. Eg er nemlig første mann ut i den nye serien Norskbloggen, som tar mål av seg å gi terningkast og konstruktiv kritikk til norskspråklege bloggar. Eg endte opp med ein firar på terningen, og kan ikkje anna enn seie meg einig i kritikken.

Les resten av "Brukaropplevingar.com anmeldt"

13.12.2004, 22:46 i Blogging | Fastlenke | Kommentarar(5) | Tilbaketråkk(0)

30. september 2004

Vil du ha fleire brukaropplevingar?

Hvis du vil ha tilgang til dagleg oppdaterte lenker og kommentarar frå meg, må du abonnere på denne feeden. Ved hjelp av Feedburner får eg nemlig integrert alle bokmerkene eg legg til via del.icio.us, med kommentarar.

Med andre ord: Hvis du vil ha 5-10 ferske, gode lenker om fagfeltet brukaropplevingar kvar dag i tillegg til artiklane eg legg ut på bloggen, må du benytte ein RSS-lesar og abonnere på feeden frå http://feeds.feedburner.com/brukaropplevingar.

Lurer du på kva i all verden ein "feed" eller ein "RSS-lesar" er?
Kort fortalt er det den beste og enklaste måten å lese bloggar på, spesielt hvis du følger med på meir enn ein blogg. Personleg anbefaler eg den web-baserte lesaren bloglines.com.

Eit døme: Slik ser det ut når eg les mine eigne bokmerker i Bloglines:

Bloglines2

Prøv du også, da vel.

Sjå også: Alle mine bloggar

30.09.2004, 10:12 i Blogging, Lenker | Fastlenke | Kommentarar(2) | Tilbaketråkk(0)

4. august 2004

Bush blogger!

Gjer deg sjølv ei teneste, og les denne hysterisk morsommme saken fra The Onion. Bush har angiveleg begynt å blogge på PrezGeorgeW.typepad.com, og kommentarane hans skaper store problemer for CIA, Secret Service og PR-staben i det Kvite Hus:

McLaughlin said it's likely that Bush will eventually agree to submit his blog for review by the Secret Service.
"Right now, the president insists it's his right to have it, as long as he doesn't work on it during White House work hours," McLaughlin said. "But I believe we'll be able to convince him, if we let him calm down. And even if we don't, frankly, I can't see the blog holding his interest for too long."

(via anildash)

04.08.2004, 11:50 i Blogging, Faghumor | Fastlenke | Kommentarar(1) | Tilbaketråkk(0)

8. juli 2004

Forskningsbloggen er her!

Meir eller mindre ved ein tilfeldigheit (nest siste dag før ferien er typisk surfetid ;-) kom eg over nettsidene til PaP-prosjektet ved IMK. PaP står for Participation and Play in Converging Media, og prosjektet skal:

undersøke og konseptualisere konvergens mellom kringkasting (TV, radio) og nye medier som Web, e-post, SMS og dataspill. Fokuset ligger på programmer og tjenester hvor publikum kan delta og/eller spille. Underøkelsene inkluderer markedskrefter og myndighetens regulering, prosesser i mediebedrifter, studier av tekster og brukere og utvikling av nye sjangre.

Med folk som Anders Fagerjord, Arnt Maasø og Trine Syvertsen på laget burde det kunne bli spennande å følge med på resultatene fra prosjektet.

Og akkurat å følge med på prosjektet burde no være fullt mulig ettersom det prosjektet har oppretta denne forskningsbloggen komplett med RSS-feed, basert på UiO sin "nettloggtjeneste". Ifølge omtalen til USIT har nettloggtenesta eksistert sidan 2001, men det er likevel første gong eg har lagt merke til den.

Det finst også ei liste over alle UiO-bloggane (rundt 50 stk), inkludert bloggen til eit anna IMK-prosjekt: Internett i endring.

Funksjonaliteten i bloggsystemet til UiO er så som så; kommentarer ser t.d. ikkje ut til å være implementert i nokon av bloggane eg har sett. Men det viktigste er jo trass alt forskarane kjem seg ut av skapet og formidler.

08.07.2004, 16:34 i Blogging | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

1. mai 2004

Sist torsdag

Forrige vekes Last Thursday om blogging måtte utgå for min del; som småbarnsforelder er det diverre umulig å planlegge slike ting...

Heldigvis finst det andre bloggarar som har blogga om evenementet:

  • Foredragshaldar Håkon Styri har oppsummert og utdjupa eit godt poeng om intranett-blogging som alternativ til dekretportalar.
  • Jarle Bergersen har ein grei oppsummering.

01.05.2004, 11:12 i Blogging | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

21. april 2004

Last Thursday om blogging

Førstkomande Last Thursday har tema blogging, eller Blogging is booming - Enkel publisering for alle?

Les resten av "Last Thursday om blogging"

21.04.2004, 09:58 i Blogging | Fastlenke | Kommentarar(2) | Tilbaketråkk(5)