15. desember 2003

Intervju i Business Standard

Underteikna blei intervjua av bladet CIO Business Standard, april 2003. Eg trudde at artikkelen kun var tilgjengeleg i papirutgåva, men så fann eg ein webversjonen av artikkelen også: Send nettsiden din til psykolog.

Artikkelen er diverre skjemma av ein del skriveleifar, m.a. trur eg dette var eit forsøk på å sitere meg:

Fjerne backspace. Noen nettsider fjerner muligheten til å bruke backspace. Det er en tabbe. Backspace er livbøyen for nettbrukere, og får de en feilmelding her vil de trolig gi opp.

Fjerne backspace... Det eg iallefall meinte å seie, var at Back-knappen er redningsplanken for svært mange brukarar.

15.12.2003, 18:39 i Artikkelsamling | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

18. november 2003

Ufritt sjukehusvalg

38065.jpg Etter å ha sett NRK sitt helsemagasin Puls slakte informasjonskvaliteten på nettstaden Fritt sjukehusvalg, blei eg inspirert til å fyre av følgande breidside i digi.no mot resten av nettstaden.

18.11.2003, 10:39 i Artikkelsamling, Brukskvalitet, Navigasjon | Fastlenke | Kommentarar(1) | Tilbaketråkk(0)

3. september 2003

Til atters med telenor.no

Eg har tenkt litt meir på saken, og er fortsatt overbevist om at nye telenor.no er eit stort steg tilbake i forhold til foregåande versjonar. Denne vesle saken er difor oversendt redaksjonen i digi:

(Siste: Kommentaren er no også publisert på digi under vignetten min "brukarfokus".)

Les resten av "Til atters med telenor.no"

03.09.2003, 09:19 i Artikkelsamling, Brukskvalitet, Informasjonsarkitektur | Fastlenke | Kommentarar(1) | Tilbaketråkk(3)

1. september 2003

Når menneske og maskin kommuniserer

Her er til beste ein artikkel min kjære Mona har begått. Mona er utdanna informasjonspsykolog frå Institutt for psykologi, NTNU. I artikkelen gjer ho greie for samspelet mellom menneske og maskin, og kva slags grunnleggande utfordringar som gjer at desse to sjeldan kommuniserer godt nok:

"Kommunikasjon mellom menneske og maskin skiller seg på mange måter ikke stort fra kommunikasjon mellom mennesker. For at kommunikasjon skal fungere er vi avhengig av at partene forstår hverandre og stoler på hverandre." (...) "Vi må ta hensyn til egenskapene til aktørene, og det er store og vesentlige forskjeller mellom mennesket og maskinen. Mennesket er svært fleksibelt, har god evne til å korrigere sin adferd i tillegg til at det kan bearbeide store mengder informasjon. På den annen side kan mennesket sin kreativitet medføre mindre pålitelighet. Maskinene er mer pålitelige. De er preprogramert for nøyaktige spesifikke funksjoner." (...) "Å lage systemer som tar hensyn til partenes egenskaper er en utfordring"

Eit mogleg svar på utfordringa i kommunikasjonen mellom menneske og maskin, er å eliminere den menneskelege delen av likninga(!). Artikkelen tek også for seg dette spørsmålet og farane som knytter seg til dette, ved å gå referere til m.a. AI-system.

Det bør kanskje også presiserast at artikkelen i hovudsak tek utgangspunkt i brukargrensesnitt til ekspertsystem som kontrollrom og cockpitar, heller enn brukaropplevingar i høve til nettstader og forbrukarteknologi - som er hovudfokus for denne bloggen. Men dei grunnleggande innsiktene i kommunikasjonen mellom menneske og maskin er minst like viktige for begge områda.

(Mona Halland er i dag informasjonsarkitekt i Halogen as.)

Les resten av "Når menneske og maskin kommuniserer"

01.09.2003, 21:48 i Artikkelsamling, Brukskvalitet, Mona sine ting | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

20. august 2003

Kronikk om digital-TV

Den siste kronikken min har tittelen Slutt for brukarvennleg TV?. Den stod på trykk i Dagens Næringsliv tysdag 12. august under tittelen "Elitens teknotvang". Diverre har DN ingen elektronisk versjon av artikkelen tilgjengeleg.

Les resten av "Kronikk om digital-TV"

20.08.2003, 16:28 i Artikkelsamling | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

13. mars 2003

Kronikk om Gulltaggen

Denne kronikken (Gulltaggen på ville vegar) er i tillegg til på digi også publisert i Dagens Næringsliv 12. mars 2003 under tittelen "Nettprisen som drukna i reklame".

Hovudpoenget mitt var at Gulltaggen har blitt ein rein reklamepris, og at vi som er opptekne av andre kvalitetar ved nettet enn det reint reklame-orienterte (les: vi som prøver å skape gode brukaropplevingar) no ikkje lenger har ein pris å strekke oss etter.

I etterkant av artikkelen fekk eg smigrande nok svar frå Pål Leveraas (ex-Computerworld-redaktør, digi-gründer og no m.a. ansvarleg for Rosing-prisen), som ønskte meg og andre "Gulltaggarar" velkomen tilbake til IT-bransjen generelt og Rosing-prisen spesielt.

Diverre fekk eg aldri tid til å svare Leveraas før det var litt for seint, kanskje gjer eg det her på bloggen min ein vakker dag...

PS! Det høyrer vel også med til historien at eg på grunn av artikkelen blei invitert til å sitte i Gulltagg-juryen for "Beste bedriftsnettsted", men diverre måtte eg heim og sjå til sonen min før vi rakk å konkludere...

Les resten av "Kronikk om Gulltaggen"

13.03.2003, 23:23 i Artikkelsamling | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

3. mars 2003

Ikkje steng nettbutikken din enno

(Denne artikkelen er også publisert som lesarinnlegg på digi og på handel.no)

I tre år på rad har underteikna vore med på å dokumentere at gjennomsnittskundane ikkje får til å handle i norske nettbutikkar, sjølv om dei aldri så gjerne vil. Då er det kanskje ikkje så rart at mange butikkeigarar vurderer å leggje ned, slik NTB meldte nyleg.

Les resten av "Ikkje steng nettbutikken din enno"

03.03.2003, 23:14 i Artikkelsamling, Netthandel | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)