25. januar 2007

Mitt drømmebibliotek - eit skudd frå hofta ved hjelp av kjernemodellen

Nils Pharo ved HiO overtalte meg før jul til å halde eit innlegg på dagens Kunnskapsorganisasjon2.0 (sjekk også konferansebloggen). Av ulike grunnar måtte innlegget mitt i all hovudsak til på formiddagen i dag, då eg i full fart skulle komme opp konkrete skisser på "Bibliotekkatalogen sett fra nettdesignerens synsvinkel".

Kjernemodell Då var det greit å ha kjernemodellen min å ty til - eller idéen om at design bør ta utgangspunkt i kjernen ("det finnbare objektet", eller "der brukaren ønsker å være"). Når ein først har identifisert kjernen er det langt lettare å designe gode vegar inn til kjernen og også naturlige vegar vidare.

Med denne tilnærminga var det iallefall lett å sjå at katalogen - eller denne OPAC som alle bibliotekfolk er så utroleg opptatt av, men som ingen andre skjønner eller bryr seg om - definitivt IKKJE er kjernen i biblioteket sett frå eit brukarperspektiv.

Neo Kjernen i biblioteket må sjølvsagt være boka (evt magasinet, lydboka, CDen eller andre finnbare ressursar biblioteket har å by på). Denne relativt banale innsikta illustrerte eg i presentasjonen med Matrix-Neo sin innsikt om at "There is no spoon" - på same måte må biblioteka snart skjøne at katalogen heller ikkje eksisterer, iallefall ikkje frå eit brukarperspektiv.

Ser ein på Deichmanske (som stiller sterkt i VM i URL-lengde) eller eit hvilket som helst anna norsk bibliotek er det imidlertid svært vanskeleg for ein brukar å "lukte" seg fram til det som egentlig burde være kjernen. Kryptiske innfallsvinkler som "Bøker og medier" (får du lyst å klikke?), "Online Catalogue" (er dette eit engelsk eller norsk bibliotek?), Bazar (hæ?) og Detektor (kan det være filmen, tru?) feilar ganske åpenbart på det som burde være måla for eit bibliotek.

Mine forslag til mål for biblioteket var at folk skal finne bøker, lese bøker og bli inspirert. Med dette som utgangspunkt var det raskt gjort å skisse opp ei bokside, ein forfattarside, ei søkeresultatside og ei forside for "mitt drømmebibliotek":

Inspirasjonskjelder for dei ulike elementa på skissene var i all hovudsak:

  • LibraryThing (tagcloud for bokinnhald)
  • Last.fm (shoutbox for raske kommentarer, redigere bokbeskrivelse a la wikipedia)
  • Amazon.com (andre som lånte..., Look inside)
  • Google (ettfeltssøk og boksøk)
  • Nettbokhandlar generelt (kategoriane på framsida mi er tilfeldigvis stjåle frå bokkilden.no)

Til å være eit skudd frå hofta traff eg tydeligvis relativt bra, men sparka heilt sikkert inn både åpne dører og mistolka sikkert ein del tekniske og organisatoriske rammebetingelsar.

Korleis ser ditt drømmebibliotek ut? Liknar det på mitt?

25.01.2007, 22:31 in Informasjonsarkitektur | Fastlenke

Kommentarar

Hei!
Vil takke for et strålende innlegg på gårsdagens konferanse "Kunnskapsorganisasjonsdagene" på HiO. Dette trengte vi bibliotekarer å få høre. Det er dessverre mange dårlige nettsider innenfor vår sektor. Fikk mange nyttige tips til mitt biblioteks nye nettsider.
Jannicke Røgler

Posted by: Jannicke Røgler at 26. jan.. 2007 19.50.56

Tilbaketråkk

Tilbaketråkk-URL for dette innlegget:
http://www.typepad.com/services/trackback/6a00d83455881869e200d83512a07369e2

Bloggar som refererer til Mitt drømmebibliotek - eit skudd frå hofta ved hjelp av kjernemodellen: