2. oktober 2006

Design for multikanal på onsdag!

Beklager sein invitasjon til UXnet-meetup denne gongen, men temaet burde være av stor interesse: kordan skape gode brukaropplevingar på tvers av kanalar som web, print, butikk og kundeservice? Trekløveret Kjetil Manheim, Eirik V. Johnsen og Roar Eriksen frå Tarantell har til saman 30 års erfaring med strategi og design for multikanal, og innleder til debatten med eigne perspektiv og erfaringar.

Onsdag markerer også ein slags "debut" for Fredrik Matheson som co-ambassadør for UXnet i Norge. Fredrik har master i interaksjonsdesign frå AHO og er til dagleg interaksjonsdesigner i Bekk. Han har eit imponerande overblikk og nettverk, og ein perfekt ambassadør for tverrfagligheit.

Beklageligvis ser det ikkje ut til at eg sjølv får muligheit til å bli med på onsdag, men både Fredrik og ikkje minst min bedre halvdel Mona vil være på plass saman med resten av fagmiljøet.

Så vel møtt til Scuba bar onsdag 4. oktober fra kl. 18, og husk å gi beskjed om du kjem eller ikkje!

02.10.2006, 21:43 in UXnet | Fastlenke

Kommentarar

Tilbaketråkk

Tilbaketråkk-URL for dette innlegget:
http://www.typepad.com/services/trackback/6a00d83455881869e200d83534f35253ef

Bloggar som refererer til Design for multikanal på onsdag!: