24. august 2006

Firmablogg i all enkelhet

Få selskap her i landet kan få 100 kundar og konkurrentar til å møte opp til firmablogglansering. Likevel var det akkurat det som skjedde i ettermiddag når vi i NetLife Research lanserte vår nye firmablogg iallenkelhet.no.

Iallenkelhet

Personleg er eg svært nøgd med sluttresultatet, som etter mi meining har dei fleste av elementa til ein vellykka firmablogg på plass:

  • Først og fremst godt innhald allereide ved lansering, ettersom vi har tilbakeblogga (backblogga) fire års verdt av nyhetsbrev og anna innhald
  • Tagg-basert navigasjon (som vi kallar stikkord i vår setting), elegant og intuitivt tilgjengeleg i footeren på sida.
  • Gode og relevante Calls2Action i høgrespalta, i form av kalender, abonnering på nyheitsbrev og RSS osv
  • Og mange andre småting eg er veldig godt fornøgd med (pluss enkelte bugs her og der som forhåpentlegvis vil gå seg til etterkvart)

Applausen etter avdukinga sto iallefall, om ikkje i taket, så iallefall i plastpresenningen som var spent over bakgården på Palace Grill. Eg skal også legge lenke til mitt innlegg om firmablogging her, så snart eg får publisert det borte på iallenkelhet.no :-)

Sjølv om eg no har fått ein ny baby i firmablogging, som nok vil få meir merksed frå mi side en brukaropplevingar.com har fått i det siste, så vil også den herværande bloggen leve vidare som min personlege fagblogg. Så følg med både her og der framover!

24.08.2006, 20:37 i Blogging | Fastlenke | Kommentarar(2) | Tilbaketråkk(0)

7. august 2006

Internettet anno 1993

Morsomt! Via Underskogen kom det meg for øyre at Studentradioen i Bergen har dykka i arkivet og funne det famøse temaprogrammet "Internettet - et elektronisk hav av muligheter" frå 1993 eller deromkring. Programmet er ein samtale mellom underteikna og Espen Aarseth (m.a. kjent for klassikaren Cybertext: Perspectives on Ergodic Literature).

Så skulle du også, mot formodning, vere interessert i å mimre litt om gopher, usenet, IRC og weben slik den framsto før den blei kommersiell og fekk grafisk grensesnitt til akkompagnement av synt-musikk, så anbefaler eg absolutt å sette av knappe 37 minutter til å lytte til lydklippet.

Har du winamp installert kan du lytte til klippet direkte frå srib.no, evt. kan du prøve denne versjonen via odeo med litt slapp lydkvalitet:

powered by ODEO

God fornøyelse! Og bidra gjerne med dine eigne Internett-minner i kommentarfeltet.

07.08.2006, 21:29 i Teknologi | Fastlenke | Kommentarar(2) | Tilbaketråkk(0)