13. juni 2006

Sju metaforar for samspel mellom PDA og PC

PdapcLitt forsinka pga. fotball-VM og det fine veret, men her kjem ein liten UXnet-oppsummering likevel:

14 interesserte sjeler fikk med seg forrige onsdags UXnet-meetup, der Ole Andreas Alsos tok for seg ulike metaforar for samspill mellom handheldte einingar (PDA, mobil, o.l.) og pc.

Ole Andreas er til dagleg rådgjevar innanfor fagområdet brukervennlighet og design i Steria. Presentasjonen var baserte på hans eigen diplomoppgåve, Exploring interface metaphors for using handhelds and PCs together, avlagt ved NTNU våren 2005.

Last ned presentasjonen PDAvsPC_Alsos_UXnet_070606.pdf (4MB).

Diplomen tok utgangspunkt eit konkret case frå St. Olavs-hospitalet i Trondheim. Scenariet var ein konkret pasient-lege-situasjon, der legen skal presentere røntgen-bilder fra sin eigen PDA på pasienten sin Windows Media-baserte pasientterminal.

Med dette som utgangspunkt, samt  utforska han sju forskjellige metaforar for samspel mellom dei to einingane, mellom andre:

  • Lenke: Legen velger fra ei liste over tilgjengelege røntgen-bilder på PDAen, og det respektive bildet blir vist på pasient-terminalen.
  • Speiling: Samme visning på PDA og PC.
  • Fakkel: Bildet blir "overført" fra PDA til PC når den handheldte eininga peiker mot PC-en.
  • Dra og slipp: Legen "drar" bildet frå PDAen over til PCen.
  • Fjernkontroll: Legen bruker PDAen til å "bla i albumet" på PCen.

Det blei utvikla Flash-prototypar for samtlege metaforar, som så blei brukartesta i den avanserte laben til Norsk Senter for Elektronisk Pasientjournal i Trondheim.

For fakkel-metaforen var det nødvendig å ty til "Wizard of Oz-prototyping", dvs. at ein medhjelpar sat i kulissane og fjernstyrte prototypen for å gje ein riktig illusjon til testsituasjonen.

Etter brukartesten, som blei gjennomført med "ekte" legar frå St. Olavs-hospitalet og "pasientar" frå NSEP, måtte testpersonane saman "forhandle" seg fram til ein rangering av dei ulike metaforane i form av ein enkel kortsortering.

Interessant nok var det den aller "enklaste" navigasjonmetaforen (Lenke) som gjorde det klart best, tett fulgt av kontroll-caset der legen navigerte direkte på pasientterminalen. For dei øvrige metaforane var innvendingane hovudsakleg at det blei for mykje fokus på og fikling med navigasjon, noko som igjen gjekk ut over samspelet mellom pasient og lege.

Brukarane sin mentale modell av Lenke-metaforen var imidlertid ein heilt annan enn design-modellen; dei oppfatta PDAen meir som ein "distribuert meny" for PCen. Enkelte av av pasientane klagde også over at det føltes som legen "haldt informasjon skjult" på sin PDA.

Konklusjonar etter foredraget var mellom anna at valg av navigasjonsmetafor har store konsekvensar for brukaropplevinga, at konteksten har alt å seie for utfallet og at teknologien bør være mest mulig usynleg sjølv om den er aldri så kul.

Nyttig var det uansett å få formidla litt "grunnforskning" rundt mentale modellar i praksis og i kontekst - tusen takk skal du ha, Ole Andreas!

NB! Neste UXnet-meetup blir 7. september, ettersom første onsdag i juli og august ligg for nære fellesferien. Tema blir offentleggjort seinare.

13.06.2006, 20:58 in Navigasjon, UXnet | Fastlenke

Kommentarar

Tilbaketråkk

Tilbaketråkk-URL for dette innlegget:
http://www.typepad.com/services/trackback/6a00d83455881869e200d83563a2a269e2

Bloggar som refererer til Sju metaforar for samspel mellom PDA og PC: