24. mai 2006

Netlife here we come!

Det er kanskje ingen stor hemmelegheit lenger, men eg og Mona har altså sagt opp i WM-data og begynner i Netlife Research frå og med 5. juni.

Kvifor?

For min eigen del ligg ein del av grunnen i at eg har jobba i same firma i nesten i ni år samanhengande. Eg begynte som konsulent i Neo Interaktiv i 1997, som så blei kjøpt opp av IconMedialab, som så fusjonerte med 4-5 andre selskap, før WM-data kjøpte restane etter dotcom-festen. Ettersom eg neppe får gullklokka med det første uansett, var det kanskje på tide å bytte miljø.

Vi går til Netlife mellom anna fordi det føles meir riktig for oss å jobbe for eit uavhengig konsulentselskap, som ikkje er bunde opp av "strategiske teknologivalg" slik IT-selskap som WM-data må. Det å være del av ein produksjonslinje har også til tider vore hemmande for våre muligheiter til å rådgi fritt og uavhengig - til beste for brukaropplevinga.

Ingen ting galt er dermed sagt om WM-data sitt UX-miljø, som eg ønsker alt godt vidare. Det seier ganske mykje om kvaliteten i rekrutteringsarbeidet som blei gjort i IconMedialab (takk vere Håvard Johansen!), når UX-miljøet framleis sit igjen ein kjerne av særdeles flinke folk etter å ha avgitt nøkkelpersonar til m.a. Ergo, Inpoc, Halogen, BBDO, Bouvet, Makingwaves og Netlife.

Personleg har eg fått oppringningar frå rekrutteringsselskap omtrent ein gong i veka det siste halvåret, så det er ikkje akkurat mangel på andre tilbud som gjer at vi valgte Netlife.

Først og fremst går vi til Netlife fordi vi kjenner godt til både menneska og motivasjonen bak firmaet. Vi føler oss rett og slett "heime" i eit uavhengig rådgivningsselskap med fokuset klart og tydeleg plassert der det bør være - hos brukarane.

Vi trur at vi med vår erfaring kan tilføre mykje til selskapet, samtidig som vi også på mange måtar kjem til "dekka bord" i eit selskap med ein god og tydelig marknadsposisjon. 

Når det er sagt, ser vi også utfordringar i profilen til Netlife som eit "tradisjonelt usability-selskap". Men vi veit at takhøgda i firmaet er stor, og gleder oss til å ta diskusjonane som trengs for å løfte Netlife endå eit hakk.

Men før vi begynner, skal vi berre ein liten tur til Korsika...

24.05.2006, 22:33 in Ymse | Fastlenke

Kommentarar

Gratulerer med ny jobb begge to. Vi gler oss til å møtest i juli. Håper på både juli bord og festival...

Posted by: Einar Arve Nordang at 2. juni. 2006 07.57.30

Tilbaketråkk

Tilbaketråkk-URL for dette innlegget:
http://www.typepad.com/services/trackback/6a00d83455881869e200d834c5e82a69e2

Bloggar som refererer til Netlife here we come!: