6. april 2006

IA Summit Redux

17 stykk øltørste fagfolk tok turen innom 1-årsdagen til UXnet-meetup på Scuba bar i går, for å få med seg Jostein sin gjennomgang av dei viktigste temaene på årets IA Summit i Vancouver.

Jostein - lenke til flickr (Foto: Frank Dahle)Forsamlinga - lenke til flickr (Foto: Frank Dahle)

Presentasjonen til Jostein (PDF - 3MB) er herved gjort tilgjengeleg, og her er også ein kjapp oppsummering av hovudpunkta fritt etter hukommelsen:

  • IA Summit blei i år arrangert for sjette gang, og er den største konferansen om informasjonsariktektur med vel 600(?) deltakarar, hovudsakleg frå Nord-Amerika.
  • Totalt seks nordmenn deltok: 2 stk frå Netlife Research (som også hadde invitert med ein kunde frå Jotun) samt 3 stk frå Halogen.
  • Pre-konferanse-workshopen til LukeW om "Web Now" ("web2.0" er nemlig over-hypa ;-) var bra, og heile presentasjonen er tilgjengelig via bloggen til Luke.
  • Tegneserier er den nye måten å dokumentere konsept på, som Jostein & co lærte om på workshop med Kevin Cheng frå OK/Cancel og Yahoo!
  • Samtlige presentasjonar frå konferansen er forøvrig å finne på konferanse-nettstaden, og på konferanse-bloggen dukker det stadig opp lenker til diverse presentasjonar og oppsummeringar.
  • IA Summit 2007 blir i Las Vegas(!), og på programmet står m.a. ekskursjon til eit nærliggande casion for å sjekke ut experience design slik det verkeleg kan foregå.
  • Oppfordringa er klar: neste år må vi stille mange, mange fleire frå det norske fagmiljøet på den suverent nyttigaste og mest tverrfaglege IA-konferansen! (Underteikna har iallefall allereide pakka jumpsuiten!)

Jørgen frå Halogen skulle også ha presentert saman med Jostein, men blei diverre forhindra. Her er like fullt presentasjonen hans (PDF - 0,3MB), som inneheld både eigenknipsa bilder og litt støttemateriell frå flickr.

Personleg var eg svært fornøgd med at forsamlinga denne kvelden ikkje tok frakken og gikk direkte etter foredraget, men tvertimot blei sittande ein time eller to og diskutere bl.a. problemer, muligheiter og utfordringar med emnekart. Denne diskusjonen blei faktisk riktig så heit, men eg trur eg må spare oppsummeringa av den til eit seinare blogg-innlegg.

Neste UXnet-meetup blir 3. mai, og tema er underskog.no - kanskje verdas trivelegaste web2.0-applikasjon. Vel møtt!

Anbefalt oppvarming til neste gong er Even sin fantastiske sites2flows-presentasjon (PFD - 3MB), som forøvrig også er omtalt på underskog.no.

06.04.2006, 20:53 in Informasjonsarkitektur, UXnet | Fastlenke

Kommentarar

Og 2 nordmenn fra Bouvet deltok :-) Lars og meg selv

Posted by: Lene at 27. mai. 2008 09.37.16

Tilbaketråkk

Tilbaketråkk-URL for dette innlegget:
http://www.typepad.com/services/trackback/6a00d83455881869e200d8355f63e569e2

Bloggar som refererer til IA Summit Redux: