23. mars 2006

Plenty fagleg påfyll framover

Det er vår og gode tider - også for fagleg påfyll! Kalendaren på UXnet.no/wiki er for tida svært god mental terapi for oss som ikkje får med oss IA Summit i Vancouver (sukk!):

  • 29. mars: Emnekart 2006. Konferanse, Oslo.
  • 30. mars: Last Thursday: Etter Bernhard Steens oppfatning... "Hvor langt han vil gå i å fortelle
    oss om Aller Internett sine strategier og planer gjenstår å se." Dronningensgate 3, fra kl. 1800.
  • 5. april: UXnet-meeutp: IAsummit Redux. Jostein Magnussen, m.fl. oppsummerer høydepunkt fra IAsummit 2006. Scuba bar fra kl. 18.
  • 25. april: BITS medlemsmøte: Digitale tjenester for folket - bedre livskvalitet eller manglende
    brukskvalitet? Om bl.a. sanntidssystemet til Trafikanten, NSB sine nye billettautomater og apekattorientering vs. brukerorientering i VG Nett. Centraal, Oslo fra kl. 17.
  • 3. mai: UXnet-meetup: Underskog.no. Even Westvang og Simen Svale Skogsrud om dagens løsning, designstrategi og fremtidige planer for Norges trivelegaste web2.0-applikasjon. Scuba bar fra kl. 18.
  • 6.-7. mai: Web-forum: "Norges største samling for profesjonelle webkommunikatører." IT Fornebu, Oslo.
  • Ny! 22.-23. mai: Jesse James Garret i Norge! I regi av Netlife og Dataforeningen/BITS holder opphavsmannen til begrepene Ajax og Elements of User Experience to-dagersseminar om temaene "Beyond Usability" og "Ajax".
  • 14.-18. oktober: NordiCHI 2006, Oslo, Folkets hus.
  • 6.-7. september: Web-dagene.
  • 30. september - 1. oktober: EuroIA Summit, Berlin, Tyskland.
  • 27. november: Rosing 2006. Konferanse og prisutdeling, Oslo

23.03.2006, 15:16 | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)

7. mars 2006

Fattigmanns domenestrategi

Ein ting som eg har vore klar over lenge, men som eg blei påmint nok ein gong i Roar Eriksen sin presentasjon om søkemotoroptimalisering, er viktigheita av ein god domenestrategi ifht. SEO. Domenestrategien for min blogg er mildt sagt elendig.

Les resten av "Fattigmanns domenestrategi"

07.03.2006, 21:22 i Søkemotoroptimalisering | Fastlenke | Kommentarar(8) | Tilbaketråkk(0)

2. mars 2006

Søkemotorvennleg UXnet-meetup

Stor takk til Roar Eriksen som tok utfordringa og stilte opp på kort varsel for å spre ordet om etisk søkemotoroptimalisering for UXnet-meetup.

Her er presentasjonen til Roar (PDF, 278kB)

Roar overraska positivt på mange slags vis (slik Jarle også ser det - les hans oppsummering her), og er definitivt tilgitt for å at foredraget varte i vel to timar.

Mitt inntrykk var at dei vel 20 frammøtte var delt omtrent i to like store leirar:

  • ein interessert, men stort sett stille halvdel som satte pris på litt "voksenopplæring" om eit heller ukjent fagområde
  • ein meir teknisk orientert halvdel som stort sett stod for spørsmål, digresjonar og diskusjon, satte også pris på innhaldet

Eg reknar meg sjølv ein stad i midten her, relativt oppegåande om ikkje 100% inne i alle finurligheter om den siste Google-dansen og dei siste teoriane om vekting av rangeringsfaktorar. Uansett trur eg både eg og andre sat igjen med ny kunnskap, bl.a. at

  • Tekst lagt oppå eit bakgrunnsbilde kan være 100% lesbart for folk, men likevel bli ignorert av søkemotorar dersom tekstfargen ikkje skiller seg meir enn 3% heksadesimalt fra bakgrunnsfargen på sida
  • Den klassiske kalender-kontrollen (som lar brukaren navigere fram til desember 2999) fungerer som ein rein spider-felle og kan hindre resten av nettstaden å bli indeksert
  • Meta keywords og meta descriptions kan faktisk gjere store utslag på rangering, gitt at det er gjort riktig (bl.a. maks 15 ord, som må ha relevans til innhaldet på sida)

Men det viktigaste poenget er sjølvsagt at søkemotoroptimalisering først og fremst handlar om godt innhald, god navigasjon og generelt godt handtverk ifht. å følge utbredte standardar.

PS! Roar ba meg også legge ut denne, "så man kan se hva man skal bruke sesam til :)"

02.03.2006, 22:09 i Søkemotoroptimalisering, UXnet | Fastlenke | Kommentarar(2) | Tilbaketråkk(1)