22. februar 2006

Søkemotoroptimalisering - gode, onde og grusomme aktørar og metoder

Førstkomande onsdag er det søkemotoroptimalisering som er tema på UXnet-meetup. Roar Eriksen frå Online Services innleiar til det som burde kunne bli ein svært så interessant diskusjon ;-)

Roar gir ein kort introduksjon til temaet søkemotoroptimalisering (eller SEO om du vil). Han tar også for seg status for SEO på norske nettstader og ikkje minst litt om status for SEO-bransjen i Noreg.

Diskusjonen i etterkant burde etter mi meining ta som utgangspunkt at ein del grunnleggande SEO-teknikkar er heilt nødvendige bestanddelar i verktøykassa for oss informasjonsarkitektar, designarar, interaksjonsdesignarar m.m.

Det som imidlertid bør kunne diskuterast, er kor vidt og eventuelt kordan vi bør samarbeide samarbeide med ein bransje som etter fleire si meining opererer i ei etisk gråsone.

Sjølv har eg tidlegare vore svært kritisk til både Online Services og SEO-bransjen generelt. Mitt innlegg var forøvrig inspirert av Arve Bersvendsen sitt innlegg om søkemotoroptimalisering fra skyggesiden. (Anbefaler forøvrig sterkt å lese kommentarane til Arve sitt innlegg for å danne deg dine eigne oppfatningar om saken.)

Uansett er Roar Eriksen ein engasjert og oppegåande mann, med stor kunnskap om temaet (digi omtaler han som "en av skandinavias ledende eksperter innenfor området"). Han har jobba for m.a. Google, Telenor, Startsiden, Yahoo, Eniro og Findexa.

Møt opp og ta diskusjonen på Scuba Bar førstkomande onsdag kl. 18!
Den faglige delen starter cirka 18.30.

Påmelding her

(PS! Dette innlegget blir skrive med 38,9 i feber - forbehold om feberfantasiar!).

03.03:  Oppsummering her

22.02.2006, 20:01 in Søkemotoroptimalisering, UXnet | Fastlenke

Kommentarar

Skulle gjerne ha deltatt på denne diskusjonen, oppdaget denne siden litt for sent:)

Posted by: Kjetil at 15. mars. 2006 15.11.45

Tilbaketråkk

Tilbaketråkk-URL for dette innlegget:
http://www.typepad.com/services/trackback/6a00d83455881869e200d8342777a053ef

Bloggar som refererer til Søkemotoroptimalisering - gode, onde og grusomme aktørar og metoder :

» Putt i kalenderen: Sted: Oslo (Scuba Bar), Dato: 1. mars 2006, Tid: kl.18.00, Emne: Søkemotoroptimalisering - gode, onde og grusomme aktører og metoder from jarle på norsk
Dette kan bli et interessant foredrag/møte: Are skriver: Førstkomande onsdag er det søkemotoroptimalisering som er tema på UXnet-meetup. Roar Eriksen... [Les meir]

Registrert 23. feb.. 2006 01.37.17