24. februar 2006

Bra søkemotoroptimalisering?

Roar Eriksen etterlyser dømer på god søkemotoroptimalisering i forkant av UXnet-meetup neste onsdag:

Er det mulig I forkant av møte og få de som kommer til å sende meg eksempler på sider de mener er bra optimalisert. Så skal jeg kose meg med litt analyser, og vise noen resultater av evt forbedringspunkter på ting jeg ville gjort annerledes?

Forslag, anyone?

24.02.2006, 10:45 i UXnet | Fastlenke | Kommentarar(7) | Tilbaketråkk(1)

22. februar 2006

Søkemotoroptimalisering - gode, onde og grusomme aktørar og metoder

Førstkomande onsdag er det søkemotoroptimalisering som er tema på UXnet-meetup. Roar Eriksen frå Online Services innleiar til det som burde kunne bli ein svært så interessant diskusjon ;-)

Roar gir ein kort introduksjon til temaet søkemotoroptimalisering (eller SEO om du vil). Han tar også for seg status for SEO på norske nettstader og ikkje minst litt om status for SEO-bransjen i Noreg.

Diskusjonen i etterkant burde etter mi meining ta som utgangspunkt at ein del grunnleggande SEO-teknikkar er heilt nødvendige bestanddelar i verktøykassa for oss informasjonsarkitektar, designarar, interaksjonsdesignarar m.m.

Det som imidlertid bør kunne diskuterast, er kor vidt og eventuelt kordan vi bør samarbeide samarbeide med ein bransje som etter fleire si meining opererer i ei etisk gråsone.

Sjølv har eg tidlegare vore svært kritisk til både Online Services og SEO-bransjen generelt. Mitt innlegg var forøvrig inspirert av Arve Bersvendsen sitt innlegg om søkemotoroptimalisering fra skyggesiden. (Anbefaler forøvrig sterkt å lese kommentarane til Arve sitt innlegg for å danne deg dine eigne oppfatningar om saken.)

Uansett er Roar Eriksen ein engasjert og oppegåande mann, med stor kunnskap om temaet (digi omtaler han som "en av skandinavias ledende eksperter innenfor området"). Han har jobba for m.a. Google, Telenor, Startsiden, Yahoo, Eniro og Findexa.

Møt opp og ta diskusjonen på Scuba Bar førstkomande onsdag kl. 18!
Den faglige delen starter cirka 18.30.

Påmelding her

(PS! Dette innlegget blir skrive med 38,9 i feber - forbehold om feberfantasiar!).

03.03:  Oppsummering her

22.02.2006, 20:01 i Søkemotoroptimalisering, UXnet | Fastlenke | Kommentarar(1) | Tilbaketråkk(1)

8. februar 2006

Presentasjon om søk på Software 2006

Her er presentasjonen min til søkeseminaret på Software 2006, torsdag 9. februar kl. 12.25:

Kordan skape gode søkeopplevingar? (PDF 2,4MB)

Eg har etter beste evne forsøkt å følge gjeldande råd for gode presentasjonar. Sjølve presentasjonen min vil difor i stor grad bestå av bilder, mens handout-versjonen har fleire kommentarar. I PDFen er det difor ein del foilar markert med (kommentar til forrige bilde), som altså er skjulte i sjølve presentasjonen.

Har planer om å følge opp med ein litt meir utfyllande skildring av mine "sju suksesskriterier for søk".

08.02.2006, 23:23 i Søk | Fastlenke | Kommentarar(1) | Tilbaketråkk(1)

2. februar 2006

Bok-orgien oppsummert

Gårsdagens UXnet-meetup utarta som forvernta til ein veritabel bok-orgie, der Fredrik Matheson stod for brorparten av ingrediensane. Min eigen trillekoffert med bøker, Jostein Magnussen sin slunkne plastpose og Ivar Lyngves tre bidrag kom kvantiativt sett sørgeleg til kort mot Fredrik sine fem stappfulle ICA-bæreposar.

Fleire bilder på flickr Fleire bilder på flickr Fleire bilder på flickr

Les resten av "Bok-orgien oppsummert"

02.02.2006, 20:50 i UXnet | Fastlenke | Kommentarar(4) | Tilbaketråkk(1)