31. januar 2006

UXnet dissekerer bøker

Er du som meg, så lever og ånder du til dagleg i ein digital informasjonsomgivnad. I den evige jakta på dei beste kjeldene for fagstoff og inspirasjon til design av brukaropplevingar kryr det av bloggar, magasin, og e-postlister som overdynger oss via rss-feeds og e-post.

Men det er ikkje til å kome unna at det av og til er nyttig å koble av frå den evige, fragmentariske straumen av digital informasjon, og heller lese ei god bok. Bøker har stive permar, taktilitet, høgare oppløysning, ro til å framføre og fordøye både eit og fleire heile argument. Og sjølv om boka (o, skrekk!) skulle være utgitt for opptil fleire år sidan, kan det godt tenkast at det er vel så godt tankegods likevel.

UXnet-meetup onsdag 1. februar er difor via utelukkande til analoge medier (som riktignok i stor grad omhandler digitale medier). Fredrik Matheson, Jostein Magnussen og underteikna har tatt eit kritisk blikk på sine bokhyller, og plukka ut eit antal bøker og andre inspirasjonskjelder mellom to permar.

Eg har tidlegare forsøkt å sette opp ein kanon for brukaropplevingar (sjå "litterær kanon" forklart på wikipedia). Håpet er at vi i løpet av onsdagskvelden kan kome opp med ein betre og meir tilpassa over kva bøker som er essensielle, f.eks. med utgangspunkt i følgande liste:

  • tidenes klassiker
  • årets "must" 2005
  • mest inspirerende bok
  • beste interaksjonsdesignbok
  • beste informasjonsarkitekturbok
  • beste generelle bok om brukaropplevingar
  • beste designbok
  • beste inspirasjonskjelde frå andre fagområder
  • beste skjønnlitterære inspirasjonskjelde
  • beste innføringsbok
  • ditt forslag?

Møt opp på Scuba bar frå kl 18 og utover, så finn vi ut av det i fellesskap.

Påmelding og meir informasjon på meetup.com

31.01.2006, 22:26 i UXnet | Fastlenke | Kommentarar(0) | Tilbaketråkk(0)