9. september 2003

Dagens tåpelige: Tønsberg kommune

Eg trudde nesten ikkje dette var sant når eg såg det, men Tønsberg kommune har altså det mest stusselige nettstadskartet eg nokon gong har sett.

tonsberg.jpg
Lenkene her er åpenbart klikkbare, men kva trur du skjer når du klikkar på dei?

All normal fornuft og alle etablerte konvensjonar tilseier at eit nettstadskart skal være klikkbart, og at eit klikk faktisk skal lede vidare til innhaldet på nettstaden. Det er dette som er poenget med eit nettstadskart; det skal være eit navigasjonshjelpemiddel for å hjelpe brukaren å a) få oversikt over strukturen på nettstaden og b) bruke det til å navigere direkte til innhaldet.

Men det einaste nettstadskartet til Tønsberg kommune gjer er a) å liste opp strukturen på nettstaden (på ein heller uoversiktleg måte, må det også tilføyast), og klikker du på ein link ekspanderer/lukker du menynivået i sjølve nettstadskartet. Så som brukar har du ingen som helst muligheit til å bruke nettstadskartet til å navigere til innhaldet til Tønsberg kommune. Prøver du å nyttiggjere deg av informasjonen i nettstadskartet må du faktisk memorere heile kartet(!) eller ta ein utskrift(!).

Slik kan det gå når det einaste ein listar opp i kravspesifikasjonen er funksjonen nettstadskart, og ikkje spesifiserer kordan dette skal oppføre seg og kva som er formålet med det. Her er det tydeleg at det er teknologien (Lotus Notes) som har lagt alle premissa for funksjonalitet, ikkje kommunen sin strategi og slett ikkje brukarane sine behov. Då risikerer ein at det blir lagt til totalt unødvendig og forvirrande "ekstra-funksjonalitet" som å ekspandere/lukke nivå, når heile poenget jo er å vise strukturen under eitt.

Prøv sjølv å bla deg litt ned på denne sida og klikke på ei av lenkene, og vurder om dette er ein funksjonalitet du har behov for som brukar eller om du berre blir fryktelig forvirra...

Det beste Tønsberg kommune kan gjere med nettstadskartet sitt i sin noverande form er etter mitt syn å fjerne det fullstendig. Dagens løysing er berre trist, frustrerande og tåpelig .

Ein bi-effekt som eg ikkje veit om er morosam eller berre trist, er at dette nettstadskartet faktisk tilfredsstiller kvalitetskriteriene om at offentlege nettstader skal ha "et nettstedskart eller detaljert beskrivelse av nettstedets innhold.

09.09.2003, 10:08 in Brukskvalitet, Navigasjon | Fastlenke

Kommentarar

Kanskje ikke helt stein i glasshus men dog: når jeg er innom nettstedet til WM-data Consulting (som du jobber for såvidt jeg forstår) med Opera møtes jeg av følgende beskjed:

"Välkommen till WM-data
Vi støtter dessverre ikke din webleser!
Våre websider er optimalisert for versjon 4 til 6 av Internet Explorer og Netscape Navigator, (versjon 3 fungerer, men med noe mindre funksjonalitet).

Foreta gjerne en gratis oppdatering ved å klikke på noen av ikonene nedenfor.
Du kan også prøve å gå inn på våre websider, men vi kan ikke garantere at alt fungerer 100 %.
Velkommen til et försök."

Rent bortsett fra den sære blandingen av norske og svenske tegn, kan vi vel være enige om at dette ikke akkurat er en brukeropplevelse av de helt store? :-)

Posted by: Eirik at 9. sep.. 2003 20.18.33

Denne har eg venta på ein stund, takk skal du ha ;-)

Eg er 100% enig med deg, og eg må vel kunne seie rett ut at eg *gremmes* over www.wmdata.no, for ikkje å snakke om intranettet vårt.

Det er cirka tusen andre ting som suger på wmdata.no, både ifht. innhald, navigasjon, design, standardkompabilitet, osv., og vi er *veldig* klar over dette i vår faggruppe, og har kommunisert dette så sterkt vi kan i organisasjonen.

Det einaste eg kan seie til vårt forsvar er at vi jobbar med saka, men ettersom WM-data tildels er sentralstyrt frå Sverige så tar ting *litt* lengre tid enn ein kunne håpe på.

PS! Eg meiner det når eg takker for kritikken. Ekstern kritikk er (diverre?) alltid eit betre pressmiddel overfor leiinga enn intern kritikk.

PS2! Sjølv om eg no sit avkledd i glasshuset WM-data, har eg ikkje til hensikt å slutte å kaste stein! Denne bloggen er mitt personlege prosjekt, som blir skriven på kveldstid "etter at ungane er lagt". Formålet er på mange måtar å åpne augene til folk for at dei digitale brukaropplevingane vi omgir oss med er for dårlege, og at noko kan gjerast med saka. Og jo fleire som kritiserer dei dårlege brukaropplevingane, inkludert wmdata.no, jo større sannsynligheit for at noko blir gjort.

Posted by: Are Halland at 9. sep.. 2003 20.58.32

Jeg aner ikke hvordan jeg havnet paa brukaropplevingar.com, men det var jo ditto en overraskelse aa se at det er en tidligere Icon-kollega som staar bak sidene!

Jeg har lest Steve Krugs "Don't Make Me Think", som er en veldig grei innfoering i brukervennlighet paa web for oss som ikke har denne delen som kjernekompetanse. Det er forbausende faa av nettstedene vi besoeker til daglig som foelger de mest grunnleggende prinsippene, saa jeg ser ikke bort fra at du kan fortsette blogg'ingen her en god stund framover... :o)

Gratulerer med familieforoekelsen, og hils Mona! ;)

Posted by: Rune Johannesen at 18. mars. 2004 20.40.49

Jeg leste den først nå, nesten 3 år senere og tenkte at "Dette er sikkert fiksa nå....". Så jeg klikka meg inn på sidene til Tønsberg kommune: Der har ingenting skjedd på de siste 3 åra! Ihvertfall ikke med nettstedskartet.

Tenkte bare du ville vite det! ;-)

Posted by: Egil W. Holgersen at 22. aug.. 2006 15.14.23

Fantastisk...

Posted by: Are Halland at 26. aug.. 2006 19.00.27

Tilbaketråkk

Tilbaketråkk-URL for dette innlegget:
http://www.typepad.com/services/trackback/6a00d83455881869e200d83456348269e2

Bloggar som refererer til Dagens tåpelige: Tønsberg kommune: