20. august 2003
Kronikk om digital-TV
Den siste kronikken min har tittelen Slutt for brukarvennleg TV?. Den stod på trykk i Dagens Næringsliv tysdag 12. august under tittelen "Elitens teknotvang". Diverre har DN ingen elektronisk versjon av artikkelen tilgjengeleg.
Slutt for brukarvennleg TV?
Digital-TV har potensiale til å skape nye og fantastiske TV-opplevingar med større valfridom, fleksibilitet og individuell skreddersøm av både den tradisjonelle TV-kvelden og nye interaktive muligheiter. Men den tvangsdigitaliseringa som NRK og TV2 no legg opp til, vil mest sannsynleg få store negative konsekvensar for den jamne TV-sjåaren.
Av all kvardagsteknologi vi omgir oss med, dannar den analoge TV-en og den digitale PC-en to motpolar av kompleksitet. TV-en slik vi kjennar han frå 60-talet og fram til i dag er så enkel at både bestefar og bestemor er fullstendig komfortable med betjeninga. Alt ein treng å vite om er av/på-knappen, kanalvala og volumknappen. Ingen installasjon, ingen programvareoppdateringar, ingen problem. Denne gode brukaropplevinga har NRK og TV2 no tenkt å fråstjele det norske folk, utan at (for)brukarane ser kva som skjer og utan at politikarane bryr seg.
I staden vil digitalkameratane Bernander og Valebrokk påtvinge oss ein TV-kvardag som er eit stort steg feil veg; i retning av all den ibuande kompleksiteten til PC-en. I høve til den analoge TV-en er PC-en med skam å melde ein håplaust upraktisk innretning som det tek minst eit halvt minutt å starte opp, som krev installasjon, support, drivarar, programvare, antivirus og tusen andre ting.
I løpet av 2005 vil NRK og TV2 ifølge Dagens Næringsliv tvinge 600.000 norske familiar til å investere mellom 1300 og 7500 kroner i omformarboksar, dersom dei vil nytta TV-apparata i ein gjennomsnittsheim på same måte som i dag. Desse boksane vil måtte skiftast ut kvart tredje år, på same måte som ein PC.
I tillegg til det økonomiske krafttaket dette inneber for folk flest, fryktar eg at råkøyret for digitalsering vil få uana konsekvensar for TV-opplevinga slik vi kjenner den.
Tenk deg det typiske TV-sjåande pensjonistekteparet som no må skaffe seg mystiske boksar dei aldri har hatt eller følt behov for. Desse boksane skal bestillast og betalast, pakkast opp og installerast. Sjølv er eg ein oppegåande teknologibrukar, men eg vil garantert bruke 2-3 timar med fikling og installering, og kanskje være nødd å ringe kundeservice (som vil vere overbelasta når 600.000 TV-sjåarar må installere omformarboksar for å få lov å sjå på TV). Svært mange vil måtte tilkalle ”nevøen til svoger’n” for å ordne opp. Og vi vil måtte ha minst ein fjernkontroll ekstra per boks, som om vi ikkje hadde mange nok frå før.
Og kva veit vi om korleis TV-opplevinga blir når vi først har fått maskineriet opp å gå? Erfaring frå digital-TV så langt er redusert brukskvalitet i form av lengre responstid for å zappe mellom kanalar og elektroniske programguidar som det tek evigheitar å laste ned (her vil teknologane innvende at dette vil gå raskare med tida, men all erfaring tilseier at det vil gå mange år før responstida er akseptabel, enn sei umiddelbar slik som for analog TV).
I verste fall fryktar eg at besteforeldre, tantar og onklar vil måtte trygle barn og barnebarn om å stille inn Dagsrevyen klokka 19, for så å oppleve at innstillingane ved ein inkurie forsvinn like etterpå.
Dette er diverre realistiske scenarier for korleis innføringa av digital-TV vil bli oppfatta rundt om i dei tusen heimane. Faktum er at gode brukaropplevingar med ny teknologi er unntaket heller enn regelen. Sjølv veit eg dette av erfaring fordi eg har jobba aktivt med brukarvennleg design i ei årrekkje, og mellom anna sett eit hundretal brukartestar der oppegåande brukarar har store problem med å navigere og gjere transaksjonar på internett. Det er difor all grunn til å tru at problema vil bli minst like store med digital-TV, særlig fordi det her er den såkalla ”seine majoriteten” av brukarar - som har teknologivegring og difor er sist ut med å ta i bruk ny teknologi - som skal tvangsdigitaliserast.
Med det hastverket som NRK og TV2 no legg opp til, er det mest sannsynleg den første og beste teknologien som vil bli valt (les: dei omformarboksane som er billegast å produsere), utan tanke på brukskvaliteten.
Kvifor er ny teknologi så vanskeleg å bruke for folk flest? I dag er utviklinga av nye teknologiprodukt (herunder digital-TV, internett og mobiltenester) tilnærma 100% marknads- og teknologistyrt. I den grad nokon tenker på brukskvalitet så skjer det nesten utan unntak etter at eit produkt er utvikla av teknologar og beslutta marknadsført, og då er det i regelen for seint.
Det treng ikkje å vere slik. Mobiltelefonen din har meir datakraft enn det som skulle til for å sette Armstrong på månen i 1969. Det er ikkje lenger teknologien som hindrar oss, men våre evner til å ta teknologien i bruk på ein måte som er til beste for samfunnet og einskildindividet.
For å utvikle andre og betre scenarier for digitaliseringa av TV-opplevinga krevst det eit skifte av fokus både hjå NRK og TV2 og i det politiske miljøet. Brukskvalitet må settast i høgsetet som vurderingsfaktor, framfor einsidig fokus på teknologiske muligheiter og økonomisk vinst for avsendar.
Men skal Valebrokk og Bernander innsjå dette, må dei utsettast for politisk press. All respekt for kulturministeren, men ho og departementet hennar har neppe kompetansen som skal til for å vurdere konsekvensane av tvangsdigitalisering.
Med makt til å tvinge bør det også følge ansvar for konsekvensane. Eg utfordrar difor Valebrokk og Bernander til å prove at digital-TV vil forenkle kvardagen for folk flest, og ikkje for dingsefrikane som for lengst har skaffa seg teknologien.
Kvar er teknologibrukarombudet når vi treng det?
Are Gjertin Urkegjerde Halland er senior informasjonsarkitekt i WM-data.
Forslag til illustrasjon: Eldre mann med fjernkontroll som ser Dagsrevyen...
20.08.2003, 16:28 in Artikkelsamling | Fastlenke
Kommentarar
Tilbaketråkk
Tilbaketråkk-URL for dette innlegget:
http://www.typepad.com/services/trackback/6a00d83455881869e200d83501ffb953ef
Bloggar som refererer til Kronikk om digital-TV:

