My Photo

Contact

  • Email Address:
  • Website: http://www.brukaropplevingar.com
  • Location: Norway

One-Line Bio

Are er senior informasjonsarkitekt i NetLife Research.

Biography

Hei! Mitt navn er Are, og dei siste ti åra har eg vore brennande engasjert i å skape gode brukaropplevingar på nettet og andre interaktive kanalar.

Denne bloggen oppretta eg i april 2003 som eit talerør for mine eigne, forhåpentlegvis velfunderte, meiningar om brukarfokusert design (eller mangel på dette).

For tida er eg senior informasjonsarkitekt i NetLife Research, der eg mellom anna har vært drivkraft bak lanseringa av vår firmablogg iallenkelhet.no.

Som informasjonarkitekt har eg sidan 1997 jobba for ei lang rekke private og offentlege verksemder, m.a. Aker Kværner, BI, Cappelen, Forsvaret, Lånekassen, Telenor og mange fleire.

Eg har bakgrunn frå hovudfag medievitenskap ved UiO og informasjonsutdanninga ved Høgskulen i Volda, og har jobba profesjonelt og tverrfagleg med fokus på brukskvalitet sidan eg begynte som konsulent i Neo Interaktiv i 1997. Via IconMedialab og WM-data havna eg i 2006 i NetLife. Før eg hoppa over i konsulentbransjen var eg nettjournalist i Origo frå 1995, og før det mellom anna journalist i Studentradioen i Bergen.

Privat er eg særdeles lykkeleg gift med Mona Sverrbo Halland, som også er informasjonsarkitekt i NetLife Research. Saman har vi frambrakt moroklumpane Sverre Aron (2002) og Torstein Hauk (2004). Alt om dette og meir til kan du lese på famillebloggen www.halland.us.

Interests

Skotsk single malt (aller helst frå Islay), god film, brukarfokusert design, Mona, Sverre Aron og Torstein Hauk.